Høie gjev stormforelska par lov å droppe éinmetersregelen, men ikkje berre for éin kveld

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kravet om éin meters avstand gjeld, påpeikar helseminister Bent Høie.

– Når studentane omtaler eigen økonomi, så er det veldig få studentar som har ein studenthybel der dei har plass til 20 personar samtidig som dei kan halde god avstand, seier Høie.

Han ber unge og festglade studentar om å ikkje tru at det er fritt fram berre ein er under 20 personar og å vere varsam med éinmetersregelen.

– Når ein då blandar det med alkohol, så forstår nok ein klok student at det er eit reknestykke som ikkje går opp, seier han.

Kvalitet, framfor kvantitet

På spørsmål om korleis ungdom skal stelle seg til forelsking, la ein lattermild Høie vekt på kvalitet framfor kvantitet for å sikre låg smittespreiing.

Stormforelska par får tommel opp frå helseministeren.

– Viss dei to er så forelska at dei tenkjer at «dette er den eine som dei skal satse på gjennom heile pandemien», så er det heilt greitt å droppe éinmetersregelane, seier Høie med glimt i auget, som likevel formaner til måtehald i kjærleikslivet:

– Men viss dei har ein liten tvil og tenkjer at eg er berre forelska i denne personen i kveld, og at i morgon så forelskar ein seg nok i ein annan, så bør ein halde regelen om éin meter.