SV vil gjere Temu dyrare – og Fretex billigare
SV vil gjere det vanskelegare å bestille varer frå andre sida av verda. Samtidig skal det bli billigare å gå i brukthandel. No tek dei saka til Stortinget.

– Det gir jo null meining at varer produsert i Kina er billigare enn kortreiste varer, seier finanspolitisk talsperson for Sosialistisk Venstreparti (SV) Kari Elisabeth Kaski til NTB.
Ho viser til at vi i dag har eit tollfritak på klede på opptil 3000 kroner.
– I praksis har vi tollreglar i Noreg som gjer at billigkjeder som Temu og Wish ikkje blir omfatta, og derfor blir eit mykje betre alternativ for folk enn bruktkjeder som til dømes Fretex, seier ho.

SVs Kari Elisabeth Kaski vil ha slutt på tollfritak for «fast fashion». Foto: Martin Solhaug Standal / NTB / NPK
Ho varslar at SV innan kort tid vil fremje eit forslag i Stortinget om å:
- Redusere momsen på bruktkjøp
- Fjerne «det miljøfiendtlege tollfritaket på fast fashion»
- Redusere momsen på reparasjon
– Av klimaomsyn er det jo heilt openbert at vi må gjere det enklare å handle brukte enn nytt. Reglane i dag har ein totalt motsett effekt, og det må vi sjølvsagt få gjort noko med, seier Kaski.
– Eg har full forståing for at folk fell for denne typen billige varer, men eg håpar folk tenkjer seg om ein ekstra gong.
● Les også: Ultra-fast fashion-gigant får årets Gullbarbie