«Den skal vere slank, men den skal vere formfull. Den skal vere sexy, men ikkje slutty»

Emilie Hansen
Frilansskribent Framtida.no
Publisert
Oppdatert 24.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kvart år, 8.mars, sett vi søkelys på kvinnene sin situasjon, i Noreg og elles i verda. Vi feirar det vi har fått igjennom av like rettar opp gjennom historia, og vi kjempar vidare for likestilling mellom kjønna.

Kjempar vidare? Også i Noreg? Ja, det vil eg seie. For etter mi meining er vi ikkje likestilte før forventningane som blir stilte til oss, og måtane vi snakkar til kvarandre på, også er like.

No sit det sikkert nokon på andre sida av skjermen, himlar med auga, og tenkjer «feminazi», men det for berre vere, for dette er viktig. Eg er (unnskyld meg) dritlei.

Dobbelmoral

Ja, for ein blir ganske lei av dette. Ein blir fortalt at ein som jente er likestilt med mannen, at vi har dei same moglegheitene og rettane, samstundes som ein blir behandla forskjellig sosialt. Litt dobbelmoralsk kanskje?

Det er mange eksempel som kan trekkast fram her der ein som jente i 2020 framleis skal oppfylle gammaldagse kjønnsroller. Har du fått høyre at sidan du er jente er du betre på husarbeid enn gutane? Eller flinkare på skulen? Eller har du fått spørsmål i familieselskap når du har tenkt å gjere foreldra dine til besteforeldre? Det har i alle fall eg.

Alle har rett til å kommentere

Ut av alle ting er det forventningane til kvinnekroppen som irriterer meg mest. Den skal vere slank, men den skal vere formfull. Den skal vere sexy, men ikkje «slutty». Den skal vere så og seie hårlaus. Den skal vere vakker frå topp til tå, og verst av alt; det verkar ut som alle har rett til å kommentere på den. Av ein eller annan grunn er kroppane våre, deira fasong og vekt, oppe til diskusjon på privaten og i det offentlege.

Rumpa di er for lita til å danse til denne typen musikk

Har du tenkt å ete det der? Veit du kor mange kaloriar det er i den? Kva er målet ditt; vil du gå opp eller ned i vekt? Du kunne ha vore modell med det ansiktet ditt, men eg kan ikkje seie det same om kroppen din. Vil du ha nokre råd for korleis du kan få ein flat mage? Har du gått ned i vekt? Rumpa di er for lita til å danse til denne typen musikk.

Dette er kommentarar eg og venninner har fått berre i løpet av dei siste vekene. Det er som om kroppen ikkje skal vere funksjonell, men heller eit objekt for beundring.

Det naturlege er feil

Om ein blir eksponert for noko mange nok gongar startar ein å tru på det. Om ein stadig får høyre at det er noko feil med ein, samstundes som ein kan sjå alle dei perfekte, retusjerte kvinnene i media, er det ikkje rart at ein tenkjer det naturlege er «feil».

Førestillinga om at kvinnekroppen skal vere meir eller mindre perfekt er internalisert i oss. Det er denne naturaliseringa som fører til at jenter føler seg ekle om dei ikkje «shavear», eller at dei tenkjer dei må gå ned i vekt før bikinisesongen startar.

Vi opererer ansikt, puppar, rumper og mage

Vi fiksar på håret og bryna. Vi tek vippeløft og vippe-exstensions. Vi tek botox og silikon. Vi opererer ansikt, puppar, rumper og mage. Vi klipper kjønnsleppene. Vi skal ikkje ha cellulittar, strekkmerke, rynker eller rullar på magen når vi sit. Vi skal ikkje ha hår på beina, under armane, i ansiktet eller nedantil.

Kva er dette for noko?

Meir enn berre kropp

Kroppen min er ikkje eit tempel, kroppen min er rett og slett berre kropp. Men eg er ikkje berre kropp, og eg nektar å la nokon få meg til å føle som om korleis kroppen min ser ut er det viktigaste ved meg, for det er det så absolutt ikkje!

Så om eg ikkje har spurt deg om kva du tenkjer om vekta, magen, eller rumpa mi, set eg stor pris på om du held meiningane og råda dine for deg sjølv. På førehand, takk.

Med dette ønskjer eg og min uperfekte kropp alle ein riktig fin kvinnedag! Gratulerer med dagen!

Christina Koch (t.v) og Jessica Meir vert dei første kvinnlege astronautane som flyt i verdsrommet utan ein mannleg astronaut i følget. Foto: NASA