Eksplosjonen i hamneområdet i Beirut har gjort ting enda verre for eit land som allereie er i djup krise. Tre ekspertar fortel korleis landet enda opp her.

Tysdag 4. august kom nyheitsbileta frå ein enorm eksplosjon i hamneområdet i den libanesiske hovudstaden Beirut. Heile 2450 tonn ammoniumnitrat gjekk i lufta, eit stoff som vert brukt i kunstgjødsel og sprengstoff.

Ifølgje Reuters er 158 personar rapportert daude og tusenvis såra, men tala aukar stadig. Jakta på dei ansvarlege er i full gong og førre veke vart 16 hamnetilsette pågripne i saka.

Ifølgje AP hadde det vorte varsla om at oppbevaringa av kjemikaliane, som stamma frå eit beslag i 2013, var farleg. Mange libanesarar skuldar no korrupte politikarar for eksplosjonen og søndag gjekk to ministrar av i kjølvatnet av massive demonstrasjonar.

Samstundes er landet midt i fleire kriser, som saman skapar ein alvorleg situasjon. Tre ekspertar fortel Framtida.no kva desse krisene er, og korleis situasjonen blei so alvorleg i Libanon.

Eit politisk system utan tillit

Carla El Khoury underviser i midtausten-studium ved Universitetet i Oslo. Foto: Universitetet i Oslo

Carla El Khoury er professor i midtaustenstudium ved Universitetet i Oslo, og er frå Libanon. 

Ho fortel over telefon at det politiske styresettet i Libanon er prega av å vere ei etterleving frå borgarkrigen som gjekk frå 1975 til 1990. 

– I tida etter 1990 kunne ein tydeleg sjå korrupsjon i det libanesiske samfunnet. På grunn av denne korrupsjonen, og myndigheitsstrukturen etter borgarkrigen, kom ein fram til ein maktfordelingsformel. 

Maktfordelingsformelen i Libanon er basert på sekterisk inndeling.

Fordelinga blei først innført som ei mellombels ordning i den libanesiske grunnlova av 1926. I Ta’if-avtala frå 1989, som stansa den libanesiske borgarkrigen, blei det sekteriske systemet bevart, med nokre endringar.

Det vil seie at dei ulike religiøse grupperingane i Libanon spelar inn på korleis ein skal fordele politiske posisjonar. Taif-avtala slår fast at den libanesiske presidenten til ei kvar tid må vere maronitt-kristen, og at statsministeren må vere muslim. I tillegg må medlemmane av det libanesiske parlamentet delast likt mellom kristne og muslimar.

– No kan ein sjå at denne fordelinga har leda til ein kamp om statlege ressursar mellom gruppene, seier El Khoury. 

Utbreidd korrupsjon

Ho seier at sekterismen og den dårlege politiske forvaltinga heng tett saman med korrupsjonen i landet. 

– Korrupsjon eksisterer i mange formar i Libanon. Muter, nepotisme, underslag, kjøp av stemmer. Det er framtredande, og farleg. 

El Khoury fortel Framtida.no at det i det libanesiske parlamentsvalet i 2018 var utbreidd stemmekjøping, der politikarar gav utdanningsstipend og medisinsk utstyr i byte mot stemmer. 

– Dei vil kjøpe folket. 

Tilhengjarar av den libanesiske presidenten, Michel Aoun, under ein protest i 2019. Som fylgje av det sekteriske fordelingsprinsippet, må presidenten i Libanon alltid vere ein maronittisk kristen. (AP Photo/Bilal Hussein)

Ho seier ein mangel på bevisstheit rundt korrupsjon no har leda til ein situasjon der store summar forsvinn frå offentlegheita. 

– Korrupsjonen har gått på kostnad av tillit i samfunnet. Ingen har tillit til kvarandre lenger, seier El Khoury, og fortset: 

– Når du ikkje har leiarar som kan forvalte ressursar på riktig måte, og som tar ein stor del av kaka sjølv, får du situasjonen vi har no.

Korrupsjonen i den libanesiske forvaltinga kan sest i samanheng med ei anna utfordring Libanon står overfor: ein storskala økonomisk kollaps.

Les også: Ekspert etter parlamentsvalet i Iran: – Stadig aukande legitimitetskrise

Den økonomiske krisa

Den økonomiske krisa i Libanon har blitt forverra av eksplosjonen i Beirut, men har vore til stades lenge før.

Førsteamanuensis ved Høgskulen i Østfold, Rania Maktabo. Foto: Høgskulen i Østfold

Rania Maktabi er førsteamanuensis ved Høgskulen i Østfold, og Midtausten-ekspert. Ho fortel at den politisk-økonomiske situasjonen i Libanon no blir driva av ein humanitær katastrofe, og ein infrastrukturell kollaps.

– Ei krise har kome oppå noko som allereie var ein vanskeleg situasjon. No er det krisehandtering, seier ho til Framtida.no over telefon.

Ho fortel at den økonomiske krisa i Libanon har vore varsla sidan hausten 2019. Dei libanesiske myndigheitene har rett og slett ikkje makta å betene lånet deira.

– Kva faktorar har ført til denne økonomiske krisa?

– Den største faktoren som eg kan sjå er ei manglande vilje til å sjå at situasjonen er kritisk, seier Maktabi.

Teppe-pruting

Dei libanesiske myndigheitene har forhandla med Det Internasjonale Pengefondet om eit kriselån, men forhandlingane havarerte tidleg i juli. Maktabi meiner libanesiske myndigheiter ikkje innsåg kor kritisk situasjonen i landet verkeleg var.

– I forhandlingar med IMF sa dei libanesiske myndigheitene, utan dekning, at storleiken på det økonomiske underskotet til Libanon var halvparten av det IMF hadde rekna seg fram til, seier ho.

– Kva type forhandling er det? Du kjem til dei du skal låne frå og seier at dei tek feil. Ein forhandlar frå IMF sa at han fikk kjensla av at dei libanesiske myndigheitene prøvde å selje IMF eit teppe.

Les også: Verda held pusten medan Israel klargjer anneksjon: – Spikaren i kista

Seier nei til reform

Vidare trur Maktabi manglande vilje til reform er ein grunn til den økonomiske krisa. Ho seier at 2015 var eit definerande år for myndigheitene sitt syn på reform.

– Då starta ei søppelkrise. Det var søppel over alt, men søppeltenesta i Libanon er privatiserte. Og kven eig aksjane i selskapa? Dei same politikarane som skal forvalte dei offentlege goda, seier Maktabi.

Bilete frå Beirut under søppelkrisa i 2015. Foto: AP Photo/Bilal Hussein, File

– Søppelkrisa var eit varselteikn på kor dårleg det stod til.

– Har myndigheitene i Libanon forsøkt å redde landet ut av den økonomiske krisa?

– Dei har forsøkt, men dei har ikkje vore samde i krava IMF har lagt fram, til dømes krava om reform i elektrisitetssektoren og domstolane.

Trur på internasjonal innverknad

– Kva verknad trur du den økonomiske krisa og eksplosjonen i Beirut kjem til å ha på kvarandre?

– Eg trur det no er eit stort behov for internasjonal hjelp, so innverknad frå internasjonale aktørar vil bli styrka.

– I lang tid har libanesarane ville fikse ting sjølv. Men det er eit behov for teknologi, medisin, finansiell støtte. Desse tinga maktar ikkje Libanon å sjølvforsyne seg med no.

Den offentlege helsetenesta i Libanon har nådd maks kapasitet. Den økonomiske krisa, koronaviruset og eksplosjonen i Beirut har skapt ei helsekrise i landet.

Les også: Karoline jobbar frivillig i flyktningleir i Libanon: – Dette er ikkje ein stad ein vil vere, det er ein permanent unntakstilstand

Ei svak offentleg helseteneste

Sarah Grimaldi har vore feltarbeidar i Libanon for Leger uten Grenser. Foto: Privat

Sarah Grimaldi har vore feltarbeidar for Leger uten Grenser i Libanon i sju månadar. Ho kom heim for to månadar sidan. Ho fortel Framtida.no over telefon at den medisinske infrastrukturen i Libanon blei dårlegare og dårlegare medan ho var der. 

– Helsesystemet i Libanon er meir eller mindre bygga på private tilbod, og det har vore meir og meir fokus på privat helsesesektor dei ti siste åra. 

Den offentlege helsesektoren er ifylgje Grimaldi svak, og dårleg rusta til å svare på behova i befolkninga. 

– Og det var før eksplosjonen. 

Medan fleire libanesarar fell inn i fattigdom på grunn av den økonomiske krisa, må fleire nytte det offentlege helsesystemet. Det trur ikkje Grimaldi systemet er rusta til. 

– Den store andelen flyktningar i Libanon tek også beslag på helsesystemet. Dei nyttar det offentlege systemet, og dei humanitære tilboda som er i området. 

Les også meiningsinnlegget: «Moria-løysinga løyser ingenting for ungane i leirane»

Helsetenesta maktar ikkje halde tritt

Grimaldi seier det libanesiske helsesystemet har gjort ein god jobb med å behandle koronasmitta so langt. 

– Men det var før eksplosjonen. Dei har ikkje mange nok intensivplassar om spreiinga held fram med å auke. 

Ein sivil ambulanse frå det sjia-muslimske partiet Hezbollah køyrer skadde frå eksplosjonen i Beirut tysdag 4. august 2020. (AP Photo/Hussein Malla)

– Kva konsekvensar vil pandemien ha for Libanon?

– Kva skal ein seie. Helsevesenet er kvalt allereie. Konsekvensane er ei spreiing som går ut av kontroll fordi dei ikkje kan drive riktig smitteoppsporing i stor nok skala. 

Grimaldi er bekymra for dei 300.000 menneska som no er blitt heimlause etter eksplosjonen i Beirut. Dei treng støtte i stor skala, og intensivplassane er opptekne. 

– Det er ein katastrofe.

Les også: Libanesiske Chadi (27) om eksplosjonen i Beirut: – Alt berre kollapsa

Delar av Beirut er jamna med jorda. Chadi Kanawati var i Beirut då eit lager i hamneområdet eksploderte. Foto: AP Photo/Hussein Malla, Privat
Oppdatert: måndag 17. august 2020 08.56
ANNONSE