Libanesiske Chadi (27) om eksplosjonen i Beirut: – Alt berre kollapsa

Rahman Chaudhry
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg parkerte bilen min, henta nykelen til leilegheita, gjekk inn døra, og så, bang.

Det fortel libanesiske Chadi Kanawati (27) på telefon til Framtida.no.

27-åringen var berre tre kilometer frå hamneområdet i Beirut då eksplosjonen gjekk av i går. Han var på veg inn i ei leilegheit då han fall over ende på grunn av trykket frå eksplosjonen.

Eit sekund trudde Kanawati bygninga skulle gå i oppløysing kring ham. 

– Det var ei grufull oppleving. Alt berre kollapsa.

Her kan du sjå video av eksplosjonen: 

Over 100 daude og fleire tusen skadde

4.000 menneske er bekrefta skadde, og minst 100 er stadfesta daude etter eksplosjonen i eit lager i hamneområdet i Beirut, hovudstaden i Libanon.

BBC rapporterer at 2.750 tonn med kunstgjødselet ammoniumnitrat gjekk av og skapte eksplosjonen. Situasjonen er framleis kaotisk, men augevitne i Beirut seier at delar av byen ikkje er til å kjenne att.

4.000 menneske er bekrefta skada, og 100 menneske er bekrefta daude. Tala har auka for kvar time sidan eksplosjonen. (AP Photo/Hassan Ammar)

– Sjølv om eksplosjonen var ved hamna kunne ein kjenne eksplosjonen i heile Beirut, vindauge blei knuste i heile byen, fortel Kanawati, som er fødd og oppvaksen i byen. 

– Nokre delar av Beirut er heilt øydelagde no.

Eit land som raknar i saumane

År 2020 har vore hard mot Libanon. Koronapandemien har stengd ned store delar av økonomien i landet, og sendt landet ut i ei økonomisk krise. Straum kan ein berre få eit par timar kvar dag, og bankane er tomme for kontantar.

Mange skuldar på tiår med korrupsjon og dårleg økonomisk styring frå styresmaktene.

Eit av mange straumbrot i Beirut, dette frå juli. På grunn av den økonomiske krisa kan ein ikkje rekne med meir enn eit par timar med straum kvar dag. (AP Photo/Hassan Ammar)

Sidan oktober har det libanesiske pundet mista 80 prosent av verdien sin.

Chadi Kanawati fortel at pandemien, den økonomiske krisa og eksplosjonen saman har skapt grufulle bilete utanfor sjukehusa i Beirut.

– Sjukehusa er fulle på grunn av pandemien, og folk har ikkje råd til å betale for sjukehusopphald. Mange sit berre utanfor sjølv om dei er skadde av eksplosjonen.

– Dei er så jævleg uansvarlege

Den sosiale uroa i Libanon har auka i lang tid. I heile 2019 har det vore store protestar, og i juni blussa dei opp att.

Det er ikkje godt å seie kva som no vil skje, når katastrofen i Beirut kjem i tillegg til ei økonomisk krise og ein pandemi.

Frå ein demonstrasjon mot libanesiske myndigheiter i Beirut i juli. (AP Photo/Hassan Ammar)

Chadi Kanawati seier folk har fått nok.

– Libanesarar er veldig, veldig frustrerte over myndigheitene. Det var dei som ikkje fjerna eksplosivane frå lageret. Men det var vanlege menneske som måtte ta konsekvensane av det. 

27-åringen er sjølv ikkje nådig i korleis han omtalar styresmaktene. Han meiner dei må forlate Libanon. Alle, frå presidenten og heilt ned.

– Dei er så jævleg uansvarlege. Myndigheitene er tjuvar og korrupte krigsherrar. Dei fortener å bli sende til helvete, slik som dei sende Beirut til helvete i går, seier Chadi Kanawati, og legg til: 

– Orsak for at eg er så sint. Eg elskar Beirut. Eg er fødd og oppvaksen her. Det er vondt å sjå kva byen har blitt.