«Moria-løysinga løyser ingenting for ungane i leirane»

Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ida Johanne Aadland har tidlegare arbeidd i Framtida.no, og vore frivillig i flyktningleirane på Lesvos. Innlegget stod først publisert på Facebook, og er gjengjeve med løyve. 

Noreg sa i dag ja til å ta imot barn frå flyktningleirane i Hellas, men: berre om minst åtte andre europeiske land gjer det først. Regjeringspartia si «Moria-løysing» løyser derfor førebels ingenting for dei saka handlar om: ungane i leirane.

Noreg skal altså bestemme seg for kva me skal gjere utifrå kva andre europeiske politikarar får til, ikkje utifrå behovet for evakuering. Noko som ikkje gjev meining, fordi om det regjeringa fryktar skal skje, skjer – at dei fjorten europeiske landa som allereie har sagt ja til å evakuere, ikkje gjer det – er behovet for evakuering endå større. Men då skal altså heller ikkje me gjere noko. Som Karin Andersen frå SV seier: «Dette betyr at me risikerer at ingenting blir gjort».

«Dette betyr at me risikerer at ingenting blir gjort»

Det opphavlege forslaget frå SV om å hente 1500 barn går ikkje ut på at me skal gje opphald til alle me evakuerer uavhengig av sak og behovet for vern, slik enkelte kan få det til å verke som. Det handlar om å evakuere barn som er på flukt åleine og «andre særlig sårbare» frå leirar som er fysisk og psykisk skadelege, for så å behandle asylsøknadane deira individuelt her i Norge i staden for i Hellas.

Det fordi det greske mottakssystemet er sprengt og det kan ta årevis å få svar på om du har rett på asyl eller ikkje. Dei åra med venting bur folk i leirane og mistar både tid, håp og barndom. Dette er Hellas meir enn klar over sjølv, og dei har derfor to gongar tidlegare bedt blant anna Norge om å ta imot 150 sårbare barn frå leirane. Like mange gongar har Norge sagt nei.

Men!

Det er bra at Norge no vurderer å vere blant landa som seier ja. Det er eit steg i rett retning. Fjorten land har sagt at dei skal hente barn – Luxembourg og Tyskland har starta evakueringa – så sjansen for at Norge må hente nokon i næraste framtid er reell.

Det er bra at Høgre som før har sagt nei, no seier kanskje. Dei kunne ha sagt nei.


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Les også: Ungdomspartia vil evakuere borna frå Morialeiren: – Nestekjærleiken stoppar ikkje ved svenskegrensa

Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus (t.v), AUF-nestleiar Astrid Eide Hoem og Senterungdommen-leiar Torleik Velle oppmodar regjeringa til å evakuere barnefamiliar frå Moria. Alle foto i kollasj frå Instagram