Verda held pusten medan Israel klargjer anneksjon: – Spikaren i kista

Rahman Chaudhry
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Palestina vil bli så oppstykka at ein like godt kan kalle annekteringa for ein spikar i kista.

Det seier Internasjonalt ansvarleg i AUF, Hoda Imad, som er svært bekymra for utviklinga på den okkuperte Vestbreidda.

Ho er bekymra for at annekteringa vil innlemme så store område inn i Israel at ei tostatsløysing ikkje lengre vil vere mogleg.

– Israel har okkupert Palestina sidan 1967, og den varsla annekteringa er eit brot på Genévekonvensjonen artikkel 4, slår Imad fast.

Massiv kritikk frå verdssamfunnet

Israel har okkupert Vestbreidda sidan dei fekk kontroll over området etter seksdagarskrigen i 1967. Vestbreidda er heimstad til omkring 2,7 millionar palestinarar og 390.000 israelske busettarar.

Den israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu, har varsla at 30 prosent av Vestbreidda vil bli annektert frå og med 1. juli. Då vil Vestbreidda endra status frå okkupert område til israelsk jord.

Planane om anneksjon kjem etter at president Donald Trump la fram sin omdiskuterte fredsplan for Midtausten i januar. I planen legg presidenten opp til ein fordeling av område til Israel og Palestina, med ei tostatsløysing som endeleg mål.

FNs generalsekretær Antonio Guterres Foto: Salvatore Di Nolfi/Keystone via AP

Den varsla annekteringa har møtt massiv kritikk frå verdssamfunnet. FNs generalsekretær Antonio Guterres har omtala den planlagde annekteringa som «eit alvorleg brot på folkeretten».

14 av 15 medlemmar av FNs tryggingsråd har åtvara Israel frå å halde fram med anneksjonen. Unntaket i tryggingsrådet er USA, ein av dei viktigaste allierte til Israel.

Internasjonalt ansvarleg i AUF, Hoda Imad. Foto: AUF

AUF: – Lakmustest for verdssamfunnet

– AUF er ungdomspartiet som har vore dei mest aktive og høgmælte forsvararane av Palestina. Denne konflikten er ein lakmustest for verdssamfunnet, meiner AUF-politikar Hoda Imad.

Ho rettar sterk kritikk mot regjeringa for det ho meiner er manglande vilje til å stanse annekteringa.

– Med Erna Solberg har vi fått den mest Israel-vennlege statsministeren på fleire tiår, seier Imad, og utdjupar:

– Ho har ikkje fordømt kva Israel har gjort ein einaste gong. Ho har ikkje uttrykt misnøye. Ho har ikkje gjort noko.

FpU kritiske til anneksjon

Framstegspartiets Ungdom (FpU) er skeptiske til planane om anneksjon, men ikkje av same grunn som AUF.

– FpU har alltid vore ein forsvarar av Israel. Vi er redd for at denne planen ikkje vil trygge grensa til Israel og vil kome i konflikt med Israel sine mål og langsiktige interesser, skriv internasjonal ansvarleg i FpU, Christoffer Thomsen, i ein epost.

Internasjonalt ansvarleg i FpU, Christoffer Thomsen. Foto: FpU

Thomsen skriv vidare at «den einaste løysinga for varig tryggleik for Israel er rettferd og tryggleik for båe israelarar og palestinarar, men ei annektering vil nok setje fremskritta til Israel om å betre forhalda til sine naboland nokre steg attende.»

Vil ha valuta for penga

– Kva meiner FpU at Noreg burde gjere i denne situasjonen? Har Noreg so langt gjort nok?

– Kanskje regjeringa får valuta for pengane dei brukte på å få oss ein plass i Tryggingsrådet? Ein god dialog med båe partar er viktig for å arbeide mot ei diplomatisk løysing. Det er uansett viktig å understreke at Israel er ein demokratisk stat i Midtausten, med liberale rettsprinsipp til grunn.

Thomsen trur på ei løysing i området, men stiller spørsmål ved om alle aktørane i området gjer det same.

– Det må vere mogleg å finne ei løysing som inneber rettferd og tryggleik for båe partar, men det er klart at i nabolaget til Israel finst det mange som ynskjer å stikke kjeppar i hjula, skriv Thomsen.

Israelsk soldat halder vakt ved eit busstopp utanfor byen Nablus på Vestbreidda. Foto: AP Photo/Oded Balilty

Stor uvisse rundt konkrete planar

Det er per no ikkje klart kva tid annekteringa kjem til å finne stad, og kva område som vil bli annektert.

Dei israelske myndigheitene har tidlegare signalisert at ei anneksjon kunne byrje allereie 1. juli, men korkje planar eller kart har blitt delt med offentlegheita. AUF-politikar Hoda Imad trur det skuldast internasjonalt press.

– Benjamin Netanyahu skuldar utsettinga på korona, men alle veit at det er internasjonale interesser som har stansa det, meiner Imad.

Al-Jazeera skriv onsdag formiddag at Israel signaliserer at ein anneksjon ikkje vil skje i «næraste framtid», samstundes som palestinarar på Vestbreidda har samla seg for nye demonstrasjonar.

Den israelske ambassadøren til Noreg, Alon Roth, har avslått førespurnad om utsegn. Statsministerens kontor har ikkje svara på henvendinga frå Framtida.

Fakta om Vestbreidda

  • Område aust for Israel og vest for Jordanelva
  • Omkring 5,600 kvadratkilometer stort
  • Okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967