Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ayatollah Seyyed Ali Khamenei er Irans øvste politiske og åndelege leiar. Foto: Seyedkhan

Parlamentsvalet i Iran sist fredag kjem i kjølvatnet av fleire månadar med kriser for Ayatollah Khamenei og den islamske republikken.

I november tok styrkane hans livet av hundrevis som demonstrerte mot kutt i drivstoffsubsidier. I januar blei generalmajor i revolusjonsgarden Qasem Soleimani drepen i eit amerikansk droneangrep.

Seinare skaut revolusjonsgarden ned eit ukrainsk passasjerfly, som resulterte i 176 – i hovudsak iranske – omkomne, og utbreidde protestar i Iran.

Framtida.no har intervjua forskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (Nupi) Henriette Ullavik Erstad om det som skjer i landet.

– Har styrka det revolusjonære maktapparatet

– Korleis har hendingane den siste tida påverka valresultatet?

– Hendingane den siste tida har ført til at regimet opplever ei stadig aukande legitimitetskrise. Denne krisa blei ytterlegare forverra med Voktarrådets omfattande filtrering av kandidatar, som har satt truverda til valinstitusjonen i spel.

Henriette Ullavik Erstad er forskar ved Nupi med Iran som spesialfelt. Foto: Nupi

– Dette har ført til svært låg oppslutning under årets parlamentsval, særleg blant kvinner og veljarar under 30 år. Kort oppsummert har dette påverka valresultatet ved at religiøst-konservative krefter har vakse fram på bekostning av sentrumsorientert-pragmatiske og demokratisk-reformistiske.

– Kva blir konsekvensane av den nye samansetninga i parlamentet?

– Den nye sammensetninga i Majles (det iranske parlamentet, journ.anm.) har styrka det revolusjonære maktapparatet rundt ayatollah Khamenei. Konsekvensar av dette er at både demokratisk reform i Iran og ei meir konstruktiv iransk rolle i regionen vil vere mindre sannsynleg i tida som kjem.

Alt under kontroll

Meir enn 7000 i hovudsak moderate og reformvennlege kandidatar blei hindra i å stilla til val av Irans voktarråd. Parlamentsvalet har tidlegare gitt ein viss folkeleg legitimitet til iranske styresmakter, men når over halvparten av dei i alt rundt 14 000 kandidatane blir nekta å stilla, er det ikkje mykje folkeleg forankring som står igjen.

– Tyder den uvanleg sterke sensuren av kandidatar på at Voktarrådet kjenner seg trua?

– Filtrering av kandidatar er ein mekanisme iverksett av eit regime som forsøker å sikre eigen overleving gjennom å eliminere interne truslar. Men det er regimet, ikkje Voktarrådet, som føler seg trua – sistnemnde eit instrument for førstnemnde.

Eit regime som forsøker å sikre eigen overleving gjennom å eliminere interne truslar

Iranske styresmakter ser altså ut til å stramma grepet. Enkelte spår at valfiksinga for å sørga for konservativt fleirtal i parlamentet berre er første steget. Ved neste års presidentval har ikkje den sitjande presidenten, Hassan Rouhani, høve til å stilla til attval. Det er ikkje usannsynleg at ein langt meir konservativ kandidat vinn fram.

Irans president Hassan Rouhani på FNs talarstol i 2015. Foto: UN Photo/Loey Felipe

Samstundes er ayatollah Khamenei 80 år, og vil truleg måtte bli erstatta i løpet av få år. Valet av ny ayatollah kan bli det viktigaste retningsvalet i Iran sidan revolusjonen i 1979, og avgjera kursen i fleire tiår framover.

– Ser vi tilløpet til ei ny, konservativ vending?

– Ja, for augneblinken gjer vi det. Samstundes er det innanrikspolitiske landskapet i Iran svært uoversiktleg og uføreseieleg, så det er vanskeleg å seie kva som skjer på sikt, forklarar Erstad.

Les også: Sjå opp Iran: «She’s coming»

Sekulært folk, teokratisk regime

Under Reza Pahlavis styre – mellom 1942 og 1979 – blei islam det fremste symbolet på motstand mot det undertrykkande sjah-regimet. No tyder undersøkingar på at Iran har den mest sekulære befolkninga i Midtausten. Den iranske samtidsfilosofen Abdel Karim Sorusch sa det slik: «Det iranske folk var så muslimsk at berre ein islamsk revolusjon kunne rive opp røttene.»

Ein stor del av befolkninga er – og har lenge vore – svært kritiske til Den islamske republikken

– Hadde Sorusch rett – har 40 år med strengt, religiøst styre endra iranarane så mykje at det ikkje lenger er grunnlag for teokrati?

– Dette er vanskeleg å svare på i og med at det ikkje finst gode studier på haldningar til islam i Iran over tid. Ein stor del av befolkninga er – og har lenge vore – svært kritiske til Den islamske republikken, tufta på ayatollah Khomeinis sjiadoktrine wilayat e-faqih.

Biletet er tatt under minneseremonien for Qasem Soleimani 6. januar i år. I sentrum står Irans øvste leiar ayatollah Ali Khamenei, til venstre står president Hassan Rouhani, til høgre står justisminister Ebrahim Raisi. Dei er flankert av general Hossein Salami, som er sjef for revolusjonsgarden og general Esmail Ghaani, Soleimanis arvtaker som sjef for Quds-styrken. Foto: khamenei.ir/Wikipedia

Bør Iran få atomvåpen?

President Donald Trump har trekt USA ut av atomavtalen med Iran, og sett i gong ein «maximum pressure»-strategi, med mål om å svekkja Irans rolle som militær stormakt i Midtausten. Førebels ser strategien ut til å styrka dei meir konfronterande kreftene i Iran.

– Kjem vi stadig nærare krig dei to imellom?  

– Auka konflikteskalasjon kan fort spinne ut av kontroll, men eg trur ikkje nokon av partane ser seg tent med krig.

Kan fort spinne ut av kontroll

– Den store frykten til USA og Israel er at Iran skal lukkast i å utvikle atomvåpen. Er det eigentleg så farleg?

– Den amerikanske statsvitaren Kenneth Waltz var blant anna kjend for teorien om atomvåpenrevolusjon – at statar med atomvåpen ikkje går til krig mot kvarandre, og at atomvåpen dermed kan ha ein stabiliserande effekt.

– Dette argumenterer han også for i artikkelen «Why Iran should get the bomb», som handlar om at Midtausten ville blitt meir stabilt med fleire atomvåpenstatar. Men spreiing av atomvåpen vil ikkje hjelpe det internasjonale samfunnet med å nå målet om nedrusting og å forhindre atomkrig. Dersom Iran utviklar atomvåpen er det for eksempel ikkje usannsynleg at Saudi-Arabia vil gjere det same. Dette er ei farleg utvikling.

Les også: Atomvåpen: Årsak til fred eller grunn til bekymring?

– Vil krevje omfattande politisk endring

– Den siste tida har vi sett ei rekke protestar og demonstrasjonar mot regimet, og den mest valdelege undertrykkinga av demonstrantar sidan revolusjonen i 1979. Kan ein halda fram med ein situasjon der regimet i så liten grad tar omsyn til kva befolkninga ønskjer?

– Autoritære regime i Midtausten, inkludert det iranske, er villige til å ta i bruk harde maktmiddel for å slå ned på folkelege protestrørsler. Det iranske regimet vil nok halde fram med å nytte sitt omfattande undertrykkingsapparat i tida som kjem. Auka press blir som som regel møtt med auka motstand i Den islamske republikken. Kor berekraftig dette er vil tida vise.

Villige til å ta i bruk harde maktmiddel for å slå ned på folkelege protestrørsler

Iran har ei ungdomsarbeidsløyse på 25 prosent, mens ein tredel av bybebuarar bur i slummen. Kvart år forlet 150 000 høgt utdanna iranarar landet, i det som blir omtala som verdas største hjerneflukt. USA har innført strenge økonomiske sanksjonar mot landet, og på toppen av dette opplever landet eit svært kraftig utbrot av koronaviruset.

– Situasjonen for det iranske folket er stadig meir prekær. Kva skal til for å betra stoda? 

– Demokratiske reformer, sanksjonslettar og auka samhandel med omverda kan bidra til sosioøkonomisk utvikling på sikt. Dette vil krevje omfattande politisk endring i Iran. Dessverre er dette mindre sannsynleg nå som politikarar og politiske parti som ser seg tent med internasjonal isolasjon veks fram, avsluttar Erstad.

Les også: Operasjon martyr Soleimani