Det har vore mykje diskusjonar om den populære appen den siste tida, men kva er eigentleg greia? Og kan den bli ulovleg i Noreg?
mm

I slutten av juli sa at president Donald Trump at han ville forby TikTok i USA, eller sjå på andre løysingar. Sidan då har det vore stor forvirring over framtida for den populære appen.

Kvifor vil folk forby appen?

Ein reknar i dag at appen er lasta ned rundt 1,5 milliardar gonger, verda over. Men med populariteten har også kritikken kome. India har lagt ned forbod mot appen (og 50 andre kinesiske appar), og no vil altså USA det same.

Dei meiner at appen brukar data ulovleg, og samlar informasjon i det skjulte. Ein har enno ikkje klart å bevisa dette, men fleire er uroa for om kinesiske styresmakter har tilgang til data frå appen.

TikTok er eigd av det kinesiske selskapet Byte Dance, og har lenge vore omstridt på grunn av Kina sin historikk med dårleg personvern og statleg overvaking. Ifølgje brukarar på Reddit lagrar appen også langt meir informasjon enn ein får beskjed om. 

TikTok skreiv i ei pressemelding i 2019 at dei ikkje har serverar i Kina, og prosesserer data om brukarar i USA og Singapore. Ei av årsakane til at ein likevel er uroa, er kinesiske lover som fører til at kinesiske selskap må samarbeide med styresmaktene om utlevering av data.

– Me har aldri gitt brukardata til kinesiske styresmakter, og ville ikkje gjort det om dei spurde heller, seier TikTok vidare i pressemeldinga frå 2019.

Kva skjer i USA?

Selskapet Microsoft har kome på banen og sagt at dei vil kjøpe den amerikanske delen av appen, i tillegg til verksemda i Canada, Australia og New Zealand. På nettsidene sine skriv dei at dei håpar å vera ferdige med diskusjonane med ByteDance innan midten av september.

Dersom dei får gjennom ein avtale, lovar dei at dei vil overføre all privat data om amerikanske brukarar til USA og halde det der.

I USA har allereie deler av militæret forbode appen frå sine statseigde mobiltelefonar, fordi dei vurderte det som ein cyber-trugsel.

Pentagon har også oppmoda sine tilsette til å avinstallere appen, fordi den kunne eksponere personleg data til «uønska aktørar».

Kva skjer med TikTok i Noreg?

I Noreg og Europa er det enno ikkje diskusjon om forbod mot appen. Enn så lenge. 

Likevel skal eit råd beståande av EØS- og EU-land, EUDPB (EU Data protection board), sjekke om TikTok følgjer personvernreglane i EU eller om dei bryt lova.

Dette gjeld også GDPR-ordninga som tredde i kraft mai 2018. Ho skal sikra at personleg data som bilete, søk, passord og historikk vert behandla på ein sikker måte.

Danmark, Nederland og Storbritannia har alle opna sak for å undersøke om TikTok behandlar personopplysingar i samsvar med lova og kva informasjon appen samlar om dei som brukar den. Dette har vore særleg viktig fordi så mange barn og unge brukar appen.

Norske styresmakter har ikkje sjølv undersøkt appen nærare.

Ifølgje Barn og mediar-undersøkinga frå 2020 er fire av ti norske 9–10-åringar på TikTok, og 65 prosent av 9–18-åringane.

Kva gjer TikTok-kjendisane?

Sundag publiserte ni TikTok-arar med omlag 50 millionar følgjarar totalt, eit ope brev til presidenten. Dei argumenterer mot å  forby appen, men støttar sal til eit amerikansk selskap.

Fleire TikTok-påvirkarar har den siste tida mista sponsor-avtalar, nettopp på grunn av uvissa om framtida til appen.

TikTok-kjendisane Josh Richards, Griffin Johnson, Noah Beck og Anthony Reeves – som til saman har omlag 47 millionar følgjarar – melde alle overgang til appen Tiller tidlegare i sommar.

– Etter å ha sett kva bekymringar USA og andre lands styresmakter har om TikTok, og sett i lys av mitt ansvar for å beskytte og leia mine følgjarar og andre påvirkarar, følgde eg instinkta mine som entreprenør og gjorde det til mi oppgåve å finne ei løysing, seier Richards ifølgje Los Angeles Times.

Dei fire TikTok-kjendisane får rådgjevar-roller og er aksjeeigarar på sin nye plattform, Tiller.

@simonkleivelandHer er det som skjer med Tik Tok nå for tiden ##foryou ##norge ##bergen♬ original sound – simonkleiveland

I Noreg har mellom anna Simon Kleiveland, med over 100.000 følgjarar, uttalt seg om saka i ein video på TikTok. Han fortel at sjølv om appen vert forboden i USA, så er det ikkje sikkert det skjer i Noreg.

Likevel trur han det kan ha stor påvirking også her.

– Når alle dei store på TikTok i USA byter plattform, så kjem folk i Noreg etter kvart til å gjere det same, seier han i videoen.

Kva er alternativet?

I tillegg til Tiller, har Instagram stadfesta at dei snart vil lansere sin TikTok-konkurrent, Reels, i USA og 50 andre land i august. Appen er allereie i bruk i India, og har blitt testa i Brasil, Frankrike og Tyskland.

Sidan nyhenda om eit mogleg forbod kom, har andre konkurrerande appar også fått ein oppsving. Det inkluderer Tiller, Byte, Chingari, Mitron, Dubsmash og Likee. I tillegg har både Youtube og Snapchat byrja testa TikTok-liknande funksjonar.

Mange ulike appar står klare til å ta over ei eventuell flukt frå TikTok. Det gjenstår å sjå om ein av dei greier å samla heile flokken, eller om ein berre spreier seg utover dei fleire ulike appane.

Foto: Skjermdump frå Matthew Brennan/Twitter.
Oppdatert: tysdag 29. september 2020 14.43
ANNONSE