Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste dagane har #history trenda på appen TikTok. Ungdom oppsummerer andre verdskrig, den kalde krigen, kolonisering, slavetid og mykje meir. På berre 15 sekundar, med passande lydspor, blir det underhaldande – og kanskje litt lærerikt.

Svartedauden

Svartedauden var det første utbruddet av ein pestpandemi (epidemi med eksepsjonelt stor utbreiing) som ramma store delar av Vest-Europa og delar av Asia i 1346–1722.

I Noreg herja pesten mellom 1349 og 1654. I middelalderen spreidde pestsjuke rotter seg til heile Europa i store mengder. Både gjennom romarane sitt vegnettverk og over større distansar med skipstransport.

Europearane «oppdagar» Amerika

Urfolk over heile Amerika levde sine liv, heilt til europeiske nybyggjarar kom og tok over landa deira på slutten av 1400-talet.

Saman med europearane kom også ein drøss med ukjende sjukdomar som urfolka i Amerika ikkje hadde noko immunforsvar mot.

Europeisk kolonisering og slavehandel i Afrika

Frå slutten av 1400-talet byrja europearane få gode nok skip til å reise til delar av Afrika, og etterkvart å kolonisere område på kontinentet.

Afrikanarane vart tvungne inn i kolonihandel, og utover 1500-1800-talet byrja den transatlantiske slavehandelen. Europeearar kjøpte slavar frå afrikanske slavehandlarar og transporterte dei til koloniane i Amerika.

Kolonisering av Afrika

Rivalisering mellom europeiske land førte til Berlinkonferansen i 1884-1885. Der delte dei europeiske stormaktene Afrika (med linjal!) mellom seg.

Frankrike og Storbritannia fekk størst område. Tyskland, Portugal nest mest og Belgia, Italia og Spania var dei andre kolonimaktene.

Den amerikanske revolusjon

I 1763 sette Storbritannia opp skattane i koloniane. Det var svært upopulært. Koloniane var ikkje representert i det britiske parlamentet og kolonistane meinte at skatteauken difor var ulovleg.

Etter protestar i Boston (tea party) sendte britane troppar til byen, amerikanarane mobiliserte og den amerikanske frigjeringskrigen braut ut i 1775-1783.

Parisavtalen i 1783 anerkjente uavhengigheita til dei tretten britiske koloniane i Amerika frå Storbritannia.

Den franske revolusjon

14. juli 1789 vart fengselet Bastillen storma, og det braut ut masseopprør i Paris. Dette blir sett på som vendepunktet som starta den franske revolusjonen.

Revolusjonen gjorde slutt på det franske stendersamfunnet, der dei høgaste stendene (adelen og dei geistlege) hadde hatt særrettar i samfunnet. Eineveldet vart avskaffa og i 1789 vart nasjonalforsamlinga danna. 14. juli er i dag nasjonaldagen til Frankrike.

Nasjonalforsamlinga vedtok også ei menneskerettserklæring, der det vart slått fast at alle menneske er fødde like og fri, og at all myndigheit i samfunnet må utgå frå folket. Dette inspirerte den demokratiske utviklinga i Europa, mellom anna den norske Grunnlova frå 1814. 

Titanic – skipet som ikkje kunne synke

I 1912 vart cruiseskipet Titanic ferdig bygd, og med sine 46 328 bruttotonn var Titanic på dette tidspunktet verdas største skip. Det vart sett i drift på ruta Southampton – New York, og skulle ikkje kunne synke. Likevel sank det på si første reise, sørøst for Newfoundland.

To timar og 40 minutt etter å ha støtt på eit isfjell, sokk skipet natt til 15. april 1912. 1500 menneske omkom og 700 vart redda. 20 av dei omkomne var norske.

1. verdskrig – Tyskland invaderer Belgia

Tyskland invaderer nøytrale Belgia, under Schlieffenplanen, for å koma seg raskt til Frankrike.

«Dei allierte»/Ententemaktene var Storbritannia, Frankrike, Russland, Italia og USA. På motsett side stod «Sentralmaktene» Tyskland, Austerrike-Ungarn, Det osmanske riket og Bulgaria.

Pearl Harbour

Aksemaktene var ein allianse mellom Tyskland, Italia og Japan under 2. verdskrig. I desember 1941 angreip Japan den amerikanske marinebasen Pearl Harbour. Dette utan at Japan hadde erklært krig mot USA.

Den amerikanske opinionen såg på angrepet som ei feig handling, og fordømminga av Japan førte til at USA vart med i andre verdenskrig. Dette tok krigen til alle verdsdelar og alle hav. Som du sikkert veit, tapte Tyskland og aksemaktene krigen.