Går du på raudt lys i Kina, blir du hengt ut på storskjerm

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reisetips: Ikkje kryss vegen på raudt lys i Kina.

Då bryt du nemleg lova om rågjengeri («jaywalking»), og kan risikera at storskjermar vert fylt med eit bilete av deg og namnet ditt.

Målet er å få lovbrytarane til å skjemmest og ikkje gjera det igjen. Rågjengeri kan både vera farleg og skapa trafikk-korkar, og lokale styresmakter har mellom anna bede sosiale medium-bedrifter om å hjelpa med dette.

Nokre stader blir det altså til offentleg «shaming» på storskjerm.

Overvåkingskamera med innebygd ansiktsgjenkjennings-program finn ut kven du er på null komma niks, og viser bilete, etternamn og delar av ID-nummeret ditt på storskjemar så alle kan sjå det.

I mars ifjor vart det også lansert ei heimeside som listar opp alle «rågjengarar», med same informasjon.

Ansiktsgjenkjenning over alt

Kina er verdsleiande på bruk av ansiktsgjenkjenning og brukar dette til å følgja med på sine 1,4 milliardar innbyggjarar.

Det er overvåkingskamera med teknologien innebygd, overalt i landet og kinesiske byar er dei mest overvåka i verda.

Det er omlag 200 millionar overvåkingskamera i gatene, og ein reknar at det vil stiga til 626 millionar innan 2020. 

AI-teknologien vert brukt til å identifisera deg om du vil ta ut pengar i minibanken, sjekke inn på flyplassen eller betala for varer.

Men det vert også brukt til å finna igjen ungar som har gått seg vil, å finna kriminelle, sjekka om visse personar er meir enn så og så langt frå huset sitt, scanna andleta til folk når dei går inn på marknadar, sjekka innvandrarar og til og med for å hindra at ein tek for mykje toalettpapir på offentlege toalett.

I tillegg går politi med briller med teknologien for å scanna etter etterlyste folk på gata.

Fleire medium har omtala dette, mellom anna South China Morning Post, Daily Mail, Business Insider, TIME, og Visual Capitalist.

Argumenta for å driva med dette er at det er kjapt og skal gjera landet tryggare for innbyggarane. Motstandarane meiner på si side at det blir misbrukt av styresmaktene til massiv overvaking og at innbyggarane ikkje har noko privatliv frå staten lengre. Nokre kallar det totalitært.

Den nyaste teknologien er eit super-kamera som kan identifisera enkeltpersonar i store folkemengder med tusenvis av folk.

Poengsystem basert på daglegdagse handlingar

Systema blir brukt som del av ei sosial kreditt-system, som følgjer med på åtferda til folk og gir dei ein poengsum utifrå dette. Eit slags nasjonalt «omdømme-register» med mål om å skapa eit ærleg og trygt samfunn.

Idéen kom i 2014. Sidan då har det blitt testa ut i fleire byar av ulike aktørar. Målet er at det innan 2020 skal vera ein standard på nasjonalt nivå, men førebels er det eit ganske fragmentert system styrt av ulike aktørar. Ikkje eit samla nasjonalt register og system.

Ting som kan gi deg lågare score er mellom anna å røyka der det ikkje er lov, å kjøpa for mange dataspel, å gå på tur med hunden utan band, å publisera falske nyhende, å spele høg musikk, reservera plass på hotell eller restaurant men ikkje dukka opp, å sortera boset feil fleire gonger, å krysse vegen på raudt lys (rågjengeri) og å kjøra dårleg.

Hamnar på ei «svarteliste»

Får ein for låg score kjem ein på ei liste over «upålitelege folk». Dette kan resultera i at ein ikkje får kjøpa flybillettar, leige hus, få lån eller å hindra deg eller barna dine å få gå på bestemte skular og universitet eller å få visse jobbar i staten.

I juni 2019 var det 26,82 millionar flybillettar og 5,96 millionar hurtigtog-billettar som var blitt avslått fordi dei som bestilte vart sett på som «upålitelege», ifølgje Den nasjonale kommisjon for utvikling og reform. 

Ein kan også bli hindra i å få bestilla rom på hotell om ein har låg score.

Til gjengeld kan ein få avslag på hotellprisen om ein har ein høg score. Ein får høgare score av å donere blod, vera frivillig, skryte over styresmaktene og mykje anna. Er ein ein «påliteleg innbyggar»  med høg poengsum kan ein også få fleire matchar på sjekke-nettstader, billigare rente, billigare straum-rekningar og det blir lettare å klatre i jobbkarriera.

75 av 176 land brukar AI til overvåking

 

Ifølgje ein ny rapport av Carnegie Endowment for International Peace er det fleire og fleire land som brukar AI-overvåking for kartlegga innbyggjarane sine. På både lovlege og ulovlege måtar som bryt med menneskerettane.

Minst 75 av 176 land brukar teknologien aktivt for å overvåka folk.

Illustrasjonsfoto frå demonstrasjon: Markus Spiske/Unsplash