Skodespelar Anne Regine (24) ser heimstaden med nye auge etter Lykkeland

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intervjuet er ein del av NPK sin sommarserie, der dei intervjuar personar frå nynorskområde om heimstaden sin. 

For Anne Regine Ellingsæter frå Stavanger, gav det meining å sjølv komme frå byen da ho var med i serien Lykkeland. I serien kom «heile verda» til heimbyen hennar på grunn av olja.

Før innspelinga av sesong 2 byrjar til hausten, er det godt å komme heim og ta livet med ro.

– Kva hugsar du best frå oppveksten?

– Stavanger er ein veldig fin by. Barndomsheimen min var i ei veldig fin gate i eit stort hus. Om ein gjekk litt lenger inn i gata, kom ein til eng og beitemark. Det var fine sommarkveldar. Huset var på ein haug, og eg minnast at når ein hoppa på trampolinen, kunne ein sjå ut på ei slette av jobbkontor. Og om ein flytta blikket meir til høgre, såg ein beitemarker. Det var fint med dei to kontrastane.

Anne Regine Ellingsæter vaks opp i Stavanger, og har dei fleste røtene derifrå. Her er ho i barndomsheimen. Foto: Privat

– Halvsøstrene mine var litt eldre og flytta ut da eg var ganske lita, så det var mest meg, mamma og pappa.

– Når og kor flytta du?

– Etter vidaregåande drog eg med kulturakademiet Høgskulen i Buskerud og Vestfold til Barcelona og var der i 3–4 månader. Det var eit veldig løft etter 18 år i Stavanger. Eg fekk veldig mykje energi og livsgneist da eg var der.

– Kvifor?

– Det var folk i gatene heile tida, utan at dei hadde noko spesielt ærend. Heime i Stavanger på ein søndag ville ein berre vore inne hos seg sjølv eller hos andre, sett film, og berre daffa. Men i Barcelona såg eg masse ungdommar som berre hang rundt, skata eller gjekk på rulleskøyter. Det var ei lettare stemning der, og eg følte at folk hadde ei større nyting berre av å vere.

Etter det gjekk Ellingsæter både folkehøgskole og på eit akademi for scenekunst i København. Tilbake i Noreg har ho både gjort ein kritikarrost debut på skjermen i første sesong av Lykkeland og gått førsteåret på teaterutdanninga på Nord universitet i Verdal.

Finn roa i Stavanger

– Ser du annleis på heimplassen din no når du har vore ute i verda nokre år?

– Ja, ein endrar seg mykje etter å ha flytta heimanfrå, sett litt av verda og møtt nye folk. Når eg har vore her og der, har eg vorte van med at det skal vere høgt tempo, og fokus på utvikling. Da korona kom, drog eg etter kvart heim til Stavanger. Eg hadde det veldig fint, og fann ei ro der. Det var veldig godt å komme heim, ta det heilt med ro, og godta situasjonen. I Stavanger følte eg ikkje noko behov for å imponere verken andre eller meg sjølv. Det var eit godt tidspunkt å komme heim på.

– Kva saknar du mest frå heimtraktene?

– Eg føler at ikkje folk tar seg sjølve så høgtideleg i Stavanger, men dei er litt firkanta av og til. Det er ei litt monoton stemning der, som det er greitt å komme heim til av og til, men som ein òg kan bli fort lei av.

– Kva ville du vist fram til nye gjester?

– Det kjem litt an på kven det var. Eg ville tatt dei med litt rundt i gatene, så dei kunne kjent litt på stemninga blant folk, og eg ville vist dei Fargegaten. Eg ville òg vist dei den fine vidaregåande skolen min, Stavanger katedralskole, avdeling Bjergsted. Den ligg fem minutt å gå frå sentrum, og derifrå ser ein rett ut mot byen.

Øvre Holmegate i Stavanger sentrum er kjend for sine fargerike hus. Foto: Jose Hernandez/Flickr/CC BY-NC-SA 2.0

Stavanger etter Lykkeland

– Har du fått eit anna blikk på heimbyen etter å ha levd deg inn i Stavanger anno 1969, i Lykkeland?

– Ja, det gav veldig meining å vere med i serien og komme frå Stavanger sjølv. Eg fekk vere med på ein del av historia som eg ikkje har opplevd. Det verkar som det var mykje meir spennande å vere med på den tida enn det er no.

– Den gongen gjekk Stavanger frå å vere ein fattig Jesusby til å vere ein oljehovudstad i verda. Da trong ein iallfall ikkje å dra ut frå byen for å finne impulsar, for heile verda kom jo dit.

I Lykkeland vert bondejenta Anna (som vert spelt av Anne Regine Ellingsæter) forlova med reiarsonen Christian (Amund Harboe) Foto: Petter Skafle Henriksen, Maipo Film/NRK

– Da dei fann olje i 1969 var det ein slags eksplosjon, verka det som. I serien var det ei scene der ei utblåsing av olje kom på dekk og rann på alle arbeidarane. Livet stod litt ut av auga på alle. «Oi, no skjer det noko stort».

– Eg og Vegard Hoel, som spelar ordførar Arne Rettedal, hadde ei veldig fin scene saman, der han seier til Anna: «Vi lever på den mest spennande staden i den mest spennande tida i verda». Der kunne eg tenkt meg litt å vere.

Må gje ungdommar ein grunn til å vere att

– Kva ville du gjera viss du var ordførar i heimkommunen?

– Eg ville satsa meir på kultur. Stavanger er jo ein gong vorte kåra til verdas kulturhovudstad, men no verkar det om at det har dabba litt av. Eg ville kanskje gjort det litt meir kjekt for ungdommar som kjem derifrå, og gi dei ein grunn til å ikkje dra rett etter vidaregåande.

– Kjem du til å flytte heim nokon gong?

– Det er mogleg. Det følast veldig trygt, og det er eit avslappa liv der.

– Kva gjer du i sommar?

– Planen er å gå fjelltur, som sikkert veldig mange andre i år. Og eg håper å få vakter på ein sjukeheim i Stavanger.

Fem kjappe:

Les: Psykologi

Lyttar til: Podkasten «Sånn er du» med Harald Eia og Nils Brenna. Det er gøy å høyre korleis folk tenker og er i forskjellige situasjonar. Folk er meir forskjellige, og meir like enn ein trur.

Her kan du høyre podkasten:

Ser på: Eg er nettopp ferdig med å sjå Normal people på NRK. (Irsk kjærleiksdrama, redmerk.)

Serien var veldig estetisk fin å sjå på, med behagelege skodespelarar og ein veldig fin story. Og det var godt å endeleg gråte av å sjå på noko.

Bil: Nei, men eg les til førarkortet, og har alltid hatt lyst på ein BMW på grunn av barndomsminne.

Hobby: Eg er veldig glad i dans, og sport generelt.


Vil du ha fleire tips til kva du kan lytte til eller sjå på i sommar?
Desse filmane kan du strøyme gratis frå Filmoteket, og dette er Konspirasjonspodden sine konspirasjonsfavorittar!

– Vi har jo alltid følt at UFO-fenomenet er gøy ettersom vi har Hessedalen i Noreg, med mange lysfenoment, men det er ein uskuldig notis i ein elles grå kvardag, fortel Bjørn-Henning Ødegaard (t.v.) og Fredrik Sjaastad Næss. Foto: Helge Brekke

 

Anne Regine Ellingsæter

Alder: 24 år

Fødd: Stavanger

Bur no: På flyttefot. Har det siste året budd på Verdal i Trøndelag. Skal vere heime i Stavanger i sommar.

Yrke: Teaterstudent på Nord universitet / Skodespelar i Lykkeland