«Lykkeland» får språkkritikk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– «Lykkeland» handlar om oljeeventyret og klasseskiljet i det gamle Stavanger. Det finst vel ingen betre måte å skildra desse skilja på enn gjennom språk, seier Jan Kristian Hognestad, førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger til NRK.no.

Dramaserien Lykkeland er ein av NRK sine største satsingar denne hausten.

Serien skildrar oljeeventyret som starta då ein i 1969 fann olje på norsk sokkel.

Er du god på dialekt? Prøv deg i vår quiz!

– Klasseskiljet blir dyssa ned

Ein av karakterane i serien er reiarfrue Ingrid Nyman, spelt av Pia Tjelta. Ho får kritikk for å snakka eit språk som ikkje er truverdig for datidas overklasse.

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre meiner Pia Tjelta gjer ei kjemperolle, men irriterer seg over språket.

– Det store klasseskiljet som var i Stavanger blir dyssa ned når dei snakkar det same språket. Noko som var utenkeleg på den tida. Me klarar heller ikkje forstå dei kulturelle funksjonane som olja har hatt i Stavanger, seier Myhre til NRK.

Les også: I framtida kjem kanskje alle til å snakke same dialekt

Redde for å rette merksemda bort frå dramaet

Produsent Ales Ree fortel til NRK at han er klar over at språket i Lykkeland ikkje er heilt tidsriktig, men at det var eit bevisst val å la karakterane snakka eit meir moderne språk.

– Me var redde for å rette merksemda bort frå dramaet. Om Pia Tjelta og Per Kjerstad hadde snakka ein forfina sosiolekt ville dette verka lite truverdig og skapt ein distanse for mange, seier ho.