Sigurd har sett sitt visuelle preg på seriar som Nepobaby og Kids in Crime.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Akkurat no sit eg og skrur lampeleidningar for å henge opp nokre lampar, medan eg snakkar med deg. Eg driv og dressar, som vi kallar det, altså pyntar om ei lita dokkestove som skal sjå ut som 1984. Då må ein jo ha lampar frå 1984 og leiker frå 1984.

Det fortel Sigurd Haugbro på telefon til Framtida.no. Han jobbar som rekvisitør i filmbransjen.

Når Framtida.no snakkar med rekvisitøren, jobbar han på settet til Nepobaby 2, oppfølgjaren til den populære TV 2-serien laga av Henriette Steenstrup.

Skapar universet

Har du nokon gong tenkt over korleis rekvisittane og kulissane i ein film eller serie er så truverdige at vi drøymer oss vekk til ein annan stad og ei anna tid, og trur på det vi ser på skjermen?

Det er jobben til Haugbro å skape det universet.

Då han jobba på settet til serien Kids in Crime, laga han nettsider som såg ut som om dei var frå tidleg 2000-tal.

Rekvisitør

Ein rekvisitør finn og lagar rekvisittar til teater, film, tv eller opera.

Vanlege arbeidsoppgåver kan vere:

  • produksjon, innkjøp og vedlikehald av rekvisittar
  • opprigging og nedrigging av rekvisittar, kulissar og sceneutstyr
  • måling og dekorering
  • å føre rekneskap
  • å halde styr på rekvisittlager og utlån

Kjelde: utdanning.no

 

– Eg synest det er gøy når mine ting, sånn som nettsidene på Kids in Crime, faktisk visest. Og det skapar jo tida.

Men mange dagsverk endar som nokre få sekund på skjermen.

– Og så er det så klart skuffande når ein har stått i to veker og tatt opp og ned ein julemarknad, for eksempel, og det ikkje blir med i klippen, legg han til.

Sigurd Haugbro jobbar med å gjere filmar og seriar tidsriktige. Foto: Privat

Ramla inn i det

Det var ganske tilfeldig at 28-åringen frå Indre Østfold enda opp som rekvisitør. Han studerte nettsideutvikling, og trong ein jobb ved sida av studia. Haugbro har alltid vore interessert i film, og tok difor nokre sidejobbar som produksjonsassistent.

– Då løp eg rundt og helte kaffi og hjelpte dei som trong hjelp på filmsett, og så blei det til at det var litt morosamare å vere på jobb enn å studere, minnest han.

Etter kvart byrja han å hjelpe rekvisitørane og scenografane meir og meir. Det er dei som snikrar, pyntar og skapar universet filmen eller serien føregår i.

Han skjønte at det er ein bransje der det er mogeleg å jobbe seg oppover.

– I byrjinga var det berre stas å få lov til å vere på filmsett. Så synest eg sjølv at eg er ganske god på det, og då er det jo gøy.

Frå settet til ein reklame. Foto: Privat

Variert jobb

Det beste med jobben er at han lærer noko nytt kvar einaste dag. Dagane er svært varierte og ingen arbeidsdag er lik den førre.

Dagen Framtida.no har han på tråden, starta på lageret med å fylle varebilen med ting han ha brukt dei siste tre vekene på å finne.

– Og så køyrde eg ut til dette herskapshuset som vi er på, og byrja å fylle det med ting slik at det skal sjå ut som vårt univers. Etter ein har gjort det, er det også mykje flytting. Ein skal ta ut alt av private ting, og inn sine ting. Så er det å skru litt lampeleidningar og henge opp gardiner og lage…

Haugbro stoppar opp og må sjekke at han ikkje spoilar serien.

– Eg har sett opp ein kyrkjegard og laga 1984 ein stad, og laga 2025 ein annan stad, røper han.

Sci-fi-draum

Rekvisitøren trekker fram Kids in Crime som den mest spanande produksjonen han har vore med på. Serien handlar om eit miljø med rus og kriminalitet i Sarpsborg i 2001. Dei var ein liten stab og hadde lite pengar, men det gjorde også at han fekk utfordre seg og fekk mykje ansvar.

– Då er det veldig mykje av produktet som blir ditt eige. Og så er det kult med ein sånn serie som er litt hard og viser andre sider av livet. Og så er det veldig gøy med periode, å få lov til å gjenskape noko gamalt.

Frå settet til «Kids in Crime». Foto: Privat

Draumen for framtida er å lage science fiction eller fantasy, sidan det er sjangrar der scenografien og rekvisittar er i fokus, og ein får skapt noko verkeleg annleis.

– Blir det gjort mykje av det i Noreg eller må ein til utlandet? 

– Det spørst om ein ikkje skulle tatt seg ein tur til statane, ja, ler Haugbro, og legg til at han kanskje heller må lage noko sjølv.

Han fortel om gode støtteordningar for å lage kortfilm i Noreg.

– Så det er ein draum eg har, å lage ein liten science fiction-kortfilm, med scenografien og rekvisittane i fokus.

Mykje å hugse på

Den største utfordringa som rekvisitør, er å hugse alle rekvisittane. Marerittet er at produksjonen stoppar opp fordi han har gløymt noko. Det har heldigvis ikkje skjedd så langt.

– Det er så høgt tempo og utruleg mange ting å hugse på. Og så filmar ein ikkje første scene først, ein byrjar jo midt i, og så går ein tilbake, så det gjeld å halde tunga beint i munnen.

Foto: Privat

28-åringen fortel at det er litt dårlege tider i filmbransjen, så det kan vere vanskeleg å få jobbar. Det var noko han stressa over dei første åra, men etter fire-fem år i bransjen, har ballen byrja å rulle.

– Etter kvart kjenner ein fleire og fleire folk. Det er ein sånn bransje der det er litt trynefaktor. Du er aldri så god som din førre jobb, så gjeld det å vere hyggeleg mot alle og håpe at dei hugsar deg neste gong.

Må vere fleksibel og løysingsorientert

Som rekvisitør er det viktig å vere fleksibel. Haugbro meiner òg det er lurt å ha gjort ein del praktisk arbeid. Han er vaksen opp på gard, og vand med å fikse, ordne, snekke og mekke. Ein må vere løysingsorientert og open for å gjere nye ting.

– No driv eg og henger opp eit skilt her, og det er over eit skilt som har hengt her i 200 år, så det er ikkje berre å spikre over det skiltet, så du må tenke og vere fleksibel.

Som rekvisitør må ein vere fleksibel, og det kan vere smart med erfaring frå praktisk arbeid. Foto: Privat

– Har du tips til unge som vil jobbe som rekvisitør? Korleis kan dei kome seg inn i bransjen?

– Det er jo min måte, å kjenne nokon andre som gjer det.

Om ein vil inn i bransjen, startar ein som regel som produksjonsassistent.

– Og så er det å prøve å slenge seg på kameragjengen viss du har lyst til å jobbe med kamera, og slenge seg på rekvisitørane viss du har lyst til å jobbe med rekvisittar.