Dette er Konspirasjonspodden sine konspirasjonsfavorittar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har eigentleg aldri vore veldig opptekne av konspirasjonsteoriar før, og det har vore veldig gøy å verte kjent med så mange, fortel Bjørn Henning Ødegaard og Fredrik Sjaastad Næss på e-post til Framtida.no.

Dei to komikarane er stemmene bak podkast-suksessen Konspirasjonspodden, som har teke lyttarar med storm.

Under slagordet «podkasten som tek konspirasjonar på alvor» har dei to teke føre seg den eine konspirasjonsteorien etter den andre. I 2018 danka Konspirasjonspodden ut sjølv storsatsinga til NRK Hele historien, og henta heim sigeren i tidenes første NM i podkast.

– Eit eventyr for vaksne

Podkasten har vorte ein av dei mest populære i heile landet, og Ødegaard og Sjaastad Næss har reist frå nord til sør for å spele inn podkast-episodar framfor fullsette salar.

Sjølv trur dei det er mange grunnar til at konspirasjonsteoriar er så fascinerande:

– Det eine er jo sjølvsagt at det er eit underhaldande avbrekk frå det kjedelege A4-livet, fortel dei.

– Det er ei øving i abstrakt tenking. Som eit eventyr for vaksne. Men det er også ein litt meir alvorleg del som handlar om at ein har ikkje lyst til å verte lurt, ein vil gjerne vere litt smartare enn nestemann, ein vil ikkje vere dum og ikkje vete.

Framtida.no har sjekka kva som er favorittane, konspirasjonsteoriane som får deg til å le, dei som gjer deg sint og dei som overraskar:

Favorittkonspirasjonane

Operation Paperclip

Etter andre verdskrig henta amerikanarane kring 1600 tyske forskarar til USA for å sikre seg kunnskapen deira. Denne manøvren heitte først Operation Overcast, men endra namn til Operation Paperclip. Var dei nazistar? Og visste USA i så fall om det?

Dyatlovs Pass

I februar 1959 vert ni studentar funne omkomne i Dyatlov-passet i Uralfjella. Dei hadde lagt ut på ei strabasiøs langrennsferd, men då ingen høyrde frå dei på fleire veker, reiste eit leitemannskap ut.

Det dei fann har ført til endelaust med teoriar og spekulasjonar.

Leitmannskapet kom fram til eit telt som var skore opp frå innsida, og dei ni såg ut til å ha flykta. Seks av turgåarane vart funne døde, tynnkledde i snøen. Truleg har dei frose ihjel, medan dei tre andre hadde omfattande skadar på ribbein eller hovudskalle. Kva hende her?

Dette er synet som møtte leitemannskapet. Eit telt som var skore opp frå innsidan, der sko og klede stod att. Foto: Ukjent tilsett hjå sovjetiske styresmakter/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Remote Viewing 

Visste du at CIA og andre e-tenester i USA brukte pengar på å forske på såkalla remote viewing i fleire år frå tidleg 70-tal? Dei knytte til seg folk som hevda å vere synske, deriblant Uri Geller, og utforska kor vidt desse kunne gje dei ein konkurransefordel mot Sovjet. Kunne dei spionere på avstand?

Missing 411

Episoden tek føre seg konspirasjonsteorien om menneske som forsvinn utan spor, i amerikanske nasjonalparkar. Tidlegare politimann David Paulides påstår der er fellestrekk mellom desse forsvinningane, og at noko større føregår.

Dei latterlege konspirasjonane

Reptilmenneske styrer verda

– 12 millionar amerikanarar trur på denne teorien. Det er meir enn dobbelt så mange menneske som bur i Noreg, fortel Næss.

Teorien vart først populær etter briten David Icke publiserte boka The Biggest Secret (1998), og går ut på at kjendisar, politikarar og verdsleiarar eigentleg er reptilar frå verdsrommet. Dei er komne til jorda for å gjere slavar av menneska. Nokre kjende påståtte reptilar: Justin Bieber, Katy Perry, Dronning Elizabeth II og Bush-familien.

Elvis 

– Eg likar òg tanken på at Elvis sit i ein gyngestol ein eller annan stad i verda og syng «Can’t Help Falling in Love», skriv Næss.

Konspirasjonen om Kongen av Pop er den stikk motsette av konspirasjonen om McCartney. Teorien går nemleg ut på at Elvis ikkje døydde i 1977, men framleis er i live. Det nye namnet hans skal vere Jesse, som også var namnet på den dødfødde tvillingbroren til Elvis. Elvis skal både ha skrive bok og vore med i filmen Hjemme Alene sidan han skifte namn og forsvann frå rampelyset.

Paul McCartney er død 

– Konspirasjonen som får meg til å le mest er at Paul McCartney er død, men vart erstatta av ein som er like flink og prikk lik, fortel Ødegaard.

Dette er ein av dei mest legendariske konspirasjonsteoriane. Den går ut på at den ekte Paul McCartney døydde i ei bilulukke i 1966, og har sidan vorte erstatta av ein dobbeltgjengar. Dei som held fast ved denne teorien finn ei rekkje «biletbevis», som at McCartney sine øyre og tenner er endra. Samstundes oppdagar dei hint i musikken The Beatles produserte i åra etter.

Konspirasjonane ein vert forbanna av

Insulin

– Den som gjer meg sint er ein sann konspirasjon om insulin, og då spesielt korleis Big Pharma samabeider for å mjølke diabetikarar for pengar i USA. Folk døyr kvar veke av dette, skriv Ødegaard.

Den canadiske legen Frederick Banting oppdaga insulin i 1923, og selde patentet på legemiddelet for 1 dollar. Han meinte det var uetisk å tene pengar på noko som kunne redde liv. Den haldninga deler ikkje farmasi-industrien i USA, for no har prisen på insulin stige til heilt absurde høgder.

Vaksine

– At det finst folk som meiner at vaksiner ikkje fungerer gjer meg forbanna. Sjå på fakta. Det fungerer, slår Fredrik Sjaastad Næss fast.

Vaksinemotstandarar har gjort eit comeback, og ifølgje WHO er vaksinemotstand ein av dei ti største helsetrugslane verda står overfor. Kvifor trur til dømes nokon det er ein link mellom vaksine og autisme?

Konspirasjonar som overraskar

Diamantar

– Eg vart veldig overraska over at diamantar strengt tatt ikkje er sjeldne. Heile konseptet med diamantar er verdas mest vellukka marknadsføringskampanje, fortel Sjaastad Næss.

Korleis gjekk diamantar frå å vere verdilause til å verte ettertrakta? Visste du at det er eitt selskap som står bak det heile?

Remote Viewing

Øvergaard er mest overraska over prosjektet Remote viewing, der CIA prøvde å finne ut om påståtte synske kunne fungere for spionering.

– CIA pøste pengar inn i prosjektet i årevis, det same gjorde det amerikanske militæret og resultata var meget gode. Så gode at tidlegare president Jimmy Carter takka Remote Viewing i biografien sin for å ha funne eit topphemmeleg sovjetisk fly som hadde kræsja i Afrika. Det dukka opp på koordinatane denne vieweren hadde sett, fortel Øvergaard og legg til:

– Kven skulle trudd?

Treng du fleire tips? Slik får du tida til å gå i karantene

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com