Dukkar opp under OL

Stjernene frå den dampande ishockeyserien «Heated Rivalry» skal bæra OL-elden i Italia.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Hudson Williams (24) og Connor Storrie (25), som speler hovudrollene i den populære, erotiske ishockeyserien Heated Rivalry, vert offisielle fakkelberarar for dei olympiske vinterleikane i Italia.

Det melder HBO i ei pressemelding.

«Sex på skøyter»

Den kanadiske seriesuksessen Heated Rivalry er laga for den kanadiske strøymetenesta Crave, men har premiere på HBO Max i Noreg fredag 23. januar. Serien har fått terningkast 5 av NRKs meldar, som meiner hockeyromansen leverer mykje meir enn berre «sex på skøyter».

Serien er basert på den populære bokserien Game Changers, skrive av kanadiske Rachel Reid, som er pseudonymet til Rachelle Goguen.

Serien og dei seks bøkene fortel historia om Shane Hollander (Hudson Williams) og Ilya Rozanov (Connor Storrie), to ishockeystjerner som er rivalar på isen og utviklar ein dampande romanse som dei held skjult for omverda.

 

Bøkene har vorte ein lesarsuksess verda over, og i Australia slit fansen med å få tak i dei. Den sjuande boka i serien er venta i bokhandlarar i november i år.

Dei olympiske leikane Milano Cortina 2026 vert arrangerte 6.–22. februar nord i Italia og skal i likskap med «Heated Rivalry» sendast på HBO Max.