Yrket mitt: Reidun (25) er skodespelar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det å fortelje historier som folk kan kjenne seg igjen i, og kanskje auke forståinga si av seg sjølv og andre er svært givande for meg.

Det er grunnen til at Reidun Melvær Berge valde å satsa på skodespelaryrket.

Nyleg vart 25-åringen frå Florø nominert til Heddaprisen i kategorien beste kvinnelege skodespelar for sin innsats i Alt det lyse og alt det mørke ved Sogn og Fjordane Teater.

Stykket er basert på Brynjulf Jung Tjønn sin kritikarroste roman som handlar om korleis omsorgssvikt går i arv.

Fleire teatermeldarar lot seg imponere av hennar rolletolking av karakteren Vibeke, som ho speler frå ung jente til vaksen kvinne.

Reidun Melvær Berge (25) speler Vibeke frå ho er 7 år til vaksen kvinne i framsyninga «Alt det lyse og alt det mørke» ved Sogn og Fjordane Teater. Foto: David Zadig/SOFT

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Eg har alltid interessert meg for teater. Det har vore ein arena der eg har kjent på meistring, store utfordingar og fine møter med andre. Eg er fasinert av menneske og elskar å leite etter kvifor folk gjer som dei gjer, skriv Melvær Berge.

Frå 2016 har den unge skodespelaren hatt eit fireårsengasjement som skodespelar ved Sogn og Fjordane Teater.

– Svarte det til forventningane?

– Både ja og nei. Forventingane endrar seg på eit vis i løpet av vegen mot yrkesaktiv. Men eg forventa at det kom til å bli veldig hardt arbeid, men også det beste eg kunne tenkte meg, og det vart det. Det som til no ikkje har innfridd er ein fordom om å møte eit miljø med mykje spisse olbogar, og harde kantar. Det har eg til no vore så heldig å unngå.

Skodespelar Reidun Melvær Berge (25) brukar mykje tid på turné med kollegaar. Foto: Privat

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Det finst nesten ikkje. Det er så stor variasjon. Når vi går inn i eit nytt prosjekt er det ei rekke stadium som er svært ulike. I tillegg til at alle prosjekt har sin eigenart. Største fellesnemnaren for ein arbeidsdag for meg trur eg er oppvarminga på starten av dagen, forklarar Berge.

Men til dømes kan ein prosess byrje med grunnarbeid med tekstinnstudering, bakgrunnsarbeid og tolking på eiga hand, eller saman med dei andre i prosjektet.

Ein del lesing må til som skodespelar. Foto: Privat

– Så fortset ein på golvet medan rammene leggast, og framsyninga vert utvikla stykke for stykke. Når det nærmar seg premiere vert gjerne dagane meir intense. Ein jobbar ofte lenger strekk med gjennomgangar og finjusteringar. Så kjem det perioden der framsyninga vert spela. Sidan eg jobbar på Sogn og Fjordane Teater som er eit turnéteater betyr det at eg reiser rundt, bur på hotell og spelar framsyninga. Ofte set eg i gang med forarbeid til neste prosjekt under turné.

I «Alt det lyse og alt det mørke» speler Reidun Melvær Berge (25) både sjuåring og vaksen kvinne. Foto: David Zadig/SOFT

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Ja. Hardt arbeid og viktige teknikkar innan skodespel, stemme og kroppsarbeid sto i fokus. Men eg har også fylt på mykje sjølv, og henta med meg alt eg kan frå tidlegare erfaringar. Og så må ein berre hugse at ein ikkje kan bli utlærd. Eg lærar og utviklar meg kvar dag.

– Kva er det beste med jobben?

– At den er allsidig og spennande, og at eg opplever den som så viktig. Det kjennes heilt fantastisk ut når vi får tilbakemeldingar om at vi har nådd inn til publikum med framsyningane våre.

Reidun Melvær Berge har fått erfara at skodespelaryrket kan vere hardt til tider. Foto: Privat

– Kva er det mest utfordrande?

– Den er ganske altoppslukande så det kan vere vanskeleg å få tid til andre ting. I tillegg er den ganske fysisk og psykisk krevjande til tider, men det er også det at den er utfordrande på den måten som gjer at eg elskar den. Det er ikkje lett, og det skal det heller ikkje vere.

– Kven passar yrket for?

– Eg trur yrket kan passe for mange ulike typar. Yrket skal jo spegle samfunnet så det treng ulike folk, men du må brenne for det. Ein må kunne gi av deg sjølv, og stadig skyve på grenser. Empati er kanskje eigenskapen eg vil sette høgst, eit genuint ønske om å forstå andre.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Ver ein svamp. Ta til deg alt som kan gjere deg betre. Jobb hardt og målretta, men unngå sjølvhøgtidelegheit og ver raus med alle rundt deg.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det er nokre møter med publikum eg aldri vil gløyme. Der ein verkelg forstår at vi har klart å gje nokon ei oppleving dei ikkje vil gløyme. Og så var det sjølvsagt veldig stort, og uverkeleg å få telefon om nominasjonen til Heddaprisen.

16. juni skal Heddaprisane delast ut. Reidun Melvær Berge er nominert i kategorien beste kvinnelege skodespelar for si rolle i «Alt det lyse og alt det mørke» ved Sogn og Fjordane Teater. Foto: David Zadig/SOFT

Reidun Melvær Berge

Alder: 25 år

Frå: Florø

Yrke: Skodespelar

Utdanning: Dramalinje, Teaterlinje på fhs. Og fagskuleutdanninga i Musikkteater ved Bårdar Akademiet.