Bodøstudenten Lindah (25) skaffar bind til fengsla kvinner: – Ein menneskerett

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nokre vil hevde at dei ikkje fortener det, fordi dei sit i fengsel. Men sjølv om du har gjort noko kriminelt, så fortener du ikkje å måtte blø gjennom heile natta, seier Lindah Chido Matsapa på telefon til Framtida.no.

I januar starta 25-åringen prosjektet A pad for freedom, som skal sørgje for at kvinner i zimbabwiske fengsel har tilgang på bind.

Matsapa kjem sjølv frå byen Nyanga i Zimbabwe, men har dei siste tre åra budd i Bodø. Der studerer ho biologi hjå Nord Universitet gjennom Students at risk-ordninga.

– Ein menneskerett

Sjølv om prosjektet vart drege i gang og drive frå Bodø, så vart ideen fødd allereie for fire år sidan.

I 2016 vart Matsapa arrestert medan ho var student på Chinhoyi teknologiske universitet. Ho hadde demonstrert mot dei høge utdanningsavgiftene og «thigh for a mark»-systemet, der forelesarar kravde sex av dei kvinnelege studentane mot betre karakterar.

– Medan eg var arrestert fekk ei av jentene eg sat i fengsel med mensen. Der var ingen sanitærprodukt ho kunne bruke, og ho måtte blø gjennom, fortel Matsapa.

Først den tredje dagen, og etter dei arresterte kvinnene hadde kome i kontakt med ei menneskerettsgruppe, kom ein advokat med sanitærprodukt til den unge kvinna som hadde mensen.

– Sanitærprodukt er ein menneskerett. Uansett kven du er, om du sit i fengsel eller ikkje, er kriminell eller ein helgen. Mensen er ikkje noko du vel, slår 25-åringen fast.

Brukar gamle filler som bind

Dei fire dagane Lindah Chido Matsapa sat i fengsel gjorde ho akutt merksam på forholda kvinner soner under i heimlandet.

– Eg innsåg at det er eit av områda der det er størst mangel. Kvinner i fengsel brukar gamle filler, papir og delar av fengselsuniformen for å stoppe blodstraumen, medan nokre berre blør gjennom. Det er ikkje hygenisk, seier Matsapa.

Det er ikkje eit enormt kvelv av forsking på helsefølgjene av dårleg menshygiene, men ein studie publisert i desember 2018 skriv seg inn i rekkja av nyare forsking som viser ein samanheng mellom dårleg menshygiene og førekomsten av infeksjonar i den reproduktive kanalen.

Samstundes tyder studiar på at dårleg menshygiene som gjenbruk av filler, kan føre til høgare risiko for livmorhalskreft.

Også i norske fengsel har soningsforholda for kvinner vorte kritiserte.

I ein rapport frå 2017 uttrykker Sivilombudsmannen uro for at få celler har eigen do, og at dette er belastande for kvinner som har mensen.

Det same problemet vart igjen løfta av JURK – Juridisk rådgivning for kvinner i rapporten Kvinners erfaringer med å sone i norske fengsler våren 2017, som vart lansert i januar i år.

– Berre eit lite steg

Foto: Lindah Chido Matsapa

Til no har Lindah Chido Matsapa og hennar fem kollegaar samla inn 600 pakkar bind, og kring 100 amerikanske dollar.

I desember skal dei overlevere bindpakkane til fengselet Mutare Remand, og håpar då å ha heile 5000 pakkar å gje frå seg.

Matsapa håpar dette berre er starten:

– Eingongsbinda er berre eit lite steg, det vi vil er å lage gjenbruksbind.

Allereie har ho sjølv, samt kollegaen Sheenil, lært korleis dei lagar gjenbruksbind for hand. Til hausten, når Matsapa reiser til Zimbabwe, skal dei lære opp andre unge kvinner i kunsten. Dei kan så verte tilsette hjå A pad for freedom når føretaket veks.

Målet er at dei ikkje lenger treng vere avhengige av bind-donasjonar, og at prosjektet kan verte utvida til å gjelde fleire fengsel i landet.

– På same vis som dei gjev deg din eigen uniform i fengselet, så bør alle få utdelt gjenbruksbind som ein lærer å vaske, poengterer Lindah Chido Matsapa.

Lindah Chido Matsapa, Sait Matty Jaw og Mostafa Elsayed Hussin har alle fått ein av dei ettertrakta plassane i Students at risk-ordninga. Foto: Privat/UiB