Reiselysten? Slik blir neste trinn i opninga av grensene

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om to veker blir det avgjort kva land utanfor EU grensene kan opnast for.

– Vi har heile tida sagt at vi må ha ei gradvis gjenopning, og dette er ein naturleg del av det, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Ho forklarer at regjeringsplanen har vore ei gjenopning av grensene i tre fasar. I første runde var det dei nordiske nabolanda som vart vurderte. Så vart det gjort ei vurdering av heile EØS og Schengen, der det normalt skal vere fri rørsle over grensene.

Så kjem resten av verda i tredje trinn. Og der blir avgjerda teken om cirka to veker.

Næringsminister Iselin Nybø (V). Foto: Marte Garmann/Stortinget

EU har opna for 15 land allereie

I vurderingane tek helsestyresmaktene utgangspunkt i objektive smittetal. Men det er òg rom for skjønnsvurderingar.

Ei av utfordringane er at det er lettare å få informasjon om situasjonen i andre land gjennom dei etablerte samarbeidsmekanismane som finst i Norden og EU.

I neste fase vil Folkehelseinstituttet (FHI) derfor måtte stole på tal som er samla inn av Verdshelseorganisasjonen (WHO) og Det europeiske smittevernbyrået (ECDC), opplyser Frode Forland, fagdirektør ved FHI.

– Vi har ikkje byrja å sjå på dette enno, men vi registrerer at EU har opna for 15 land allereie, seier han.

Kina: opninga må vere gjensidig

Dei 15 tredjelanda som EU-rådet har tilrådd opning for, er Algerie, Australia, Canada, Georgia, Japan, Kina, Marokko, Montenegro, New Zealand, Rwanda, Serbia, Sør-Korea, Thailand, Tunisia og Uruguay.

For Kina er det lagt inn eit atterhald om opninga må vere gjensidig, før ho kan ta til å gjelde.

Men EU-tilrådinga er ikkje juridisk bindande, og det har vore opp til kvart enkelt medlemsland å vurdere korleis ho skal følgjast opp.

For Noregs del er ein del av utfordringa at EU har operert med andre kriterium for gjenopning enn FHI. Noreg vil gjere ei eiga vurdering i tillegg.

Samtidig er tal frå ulike land i verda av ulik kvalitet, påpeikar Forland.

– Så eg tenkjer at vi må ta ein tryggingsmargin i vurderinga, seier han.

Oppblussing av smitte

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) fortel at ho har tett kontakt med dei europeiske kollegaene sine om koronatiltaka.

Både i EU og Norden har det vorte halde digitale ministermøte omtrent annakvar veke.

Justis og beredskapsminister Monica Mæland (H). Foto: Torbjørn Tandberg/Stortinget

Dei stengde grensene har ramma reiselivet knallhardt både i Noreg og i andre land, og presset har vore sterkt for å få opna opp igjen no som koronaviruset er meir eller mindre under kontroll.

Men fleire land har den siste tida opplevd ei oppblussing av smitte, og situasjonen kan endre seg raskt.

Diskusjon med Sverige

Mæland har i tillegg hatt ein eigen samtale med den svenske innanriksministeren. Han hadde sjølvsagt ønskt seg at Noreg opna opp for Sverige, men samtalane har ikkje vore vanskelege, meiner ho.

– Mikael Damberg og eg går langt tilbake. Han var næringsminister medan eg var det same. Eg opplever at Sverige forstår situasjonen, men dei opplever samtidig eit stort trykk frå befolkninga, seier Mæland til NTB.

Nybø trekkjer for sin del fram Tyskland som ein viktig marknad for norsk reiseliv. Det at det no er opna for reiser til og frå Tyskland, betyr veldig mykje, meiner ho.

– Tyskland blir nemnt nesten kvar gong eg snakkar med nokon frå reiselivet, seier Nybø.

Les også: Regjeringa frårådar utanlandsturar fram til 20. august