Språkrådet frårår bruk av «mpox» på norsk

Språkrådet si tilråding er å bruka m-koppar om viruset som har fått eit nytt stort utbrot i Afrika, men FHI meiner namnet har ei uheldig samanblanding av norsk og engelsk.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Me bør ikkje bruka mpox på norsk, skreiv Språkrådet i eit innlegg på LinkedIn førre veke.

Nytt utbrot

14. august gjekk Verdas helseorganisasjon og erklærte det siste mpox-utbrotet i Afrika for ei folkehelsekrise som angår heile verda. Dette utbrotet vert av VG omtala som mpox (apekoppar), medan NRK har gått frå å bruka mpox til m-koppar.

Sjukdommen som tidlegare vart kalla apekoppar vart første gang oppdaga i Danmark, på apar som vart brukt til forsking.

Første gang sjukdommen vart oppdaga hjå menneske var i DR Kongo i 1970. I 1980 erklærte Verdas helseorganisasjon koppar som offisielt utrydda, medan m-koppar har hatt fleire utbrot i sentral- og Aust-Afrika.

Førre gong det var eit stort utbrot av m-koppar var i 2022. Sjukdommen spreidde seg frå Afrika til resten av verda, der det tidlegare ikkje hadde vore registrert utbrot av sjukdommen.

M-koppar spreidde seg primært blant menn som har sex med menn, men òg blant andre som har tett fysisk kontakt.

Namneendring frå 2022

Hausten 2022 gjekk Verdas helseorganisasjon inn for å endra namnet monkeypox til mpox. Årsaka til namnebytet var å fjerna geografiske og zoologiske referansar, samstundes som det nye namnet vidarefører historikken til sjukdommen.

Det norske Folkehelseinstituttet (FHI) spurde våren 2023 Språkrådet til råds om kva som burd erstatta det norske namnet apekoppar.

Språkrådet rådde FHI til å halda på nemninga koppar i namnet, og har kome fram til at det beste alternativet er m-koppar med bindestrek.

– Det rådet står vi fast ved. Norsk låner inn mange ord frå engelsk, men 𝘮𝘱𝘰𝘹 høver særleg dårleg å ta inn fordi det bryt med ein lang tradisjon for å bruka ordet 𝘬𝘰𝘱𝘱𝘢𝘳 i norske sjukdomsnemningar, skriv Språkrådet på LinkedIn.

Mpox i FHI

FHI valde å ikkje følgja Språkrådet og nyttar namnet mpox. I ein e-post til Framtida.no forklarar kommunikasjonsdirektør Christina Rolfheim-Bye kvifor dei nyttar namnet mpox.

– Folkehelseinstituttet vedtok å endra namn frå «apekoppar» etter tilbakemeldingar om at namnet vart opplevd stigmatiserande. Språkrådets råd til oss var opphaveleg å unngå bruk av m-koppar mellom anna fordi det må skrivast med bindestrek. Me vurderte òg sjølv at m-koppar var ein språkleg uheldig vri med ei blanding av engelsk og norsk i same namn, forklarar ho.

Språkrådet rådde òg FHI til å finna eit namn som viste til eit sentralt kjenneteikn ved sjukdommen, men utfordringa var at sentrale kjenneteikn ved denne sjukdommen var dei same som ved mange andre sjukdommar.

– På det tidspunktet, baserte vi oss på det svaret vi allereie hadde fått, om å unngå m-koppar, og valde dimed å følgja WHO sitt namneval: mpox.