Regjeringa rår imot utanlandsreiser fram til 20. august

Regjeringa rår imot utanlandsreiser fram til 20. august, men varslar nye vurderingar i juni og juli.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

UDs reiseråd blir altså halde oppe i utgangspunktet til 20. august, men kan bli justert.

– Eg vil tilrå folk å planleggje for noregsferie i sommar. Noreg er eit vakkert ferieland, og sjølv om ferien i år blir annleis enn vi hadde planlagt, er eg sikker på at han kan bli veldig fin, seier statsminister Erna Solberg (H).

Ho seier endringane heile tida vil bli vurderte opp mot smitteomsyn.

Må sjå an smittespreiinga

Innan 15. juni vil det bli vurdert å endre reiserådet til Norden, og innan 20. juli vil det bli vurdert å endre reiserådet for andre europeiske land i nærleiken, opplyser Statsministerens kontor (SMK).

– Eg skjønar godt at folk ønskjer føreseielegheit for å planleggje feriar og andre reiser til utlandet. No er Noreg og andre europeiske land i ferd med å lette gradvis på tiltaka innanlands, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), og understrekar at det er for tidleg å seie korleis dette vil påverke smittespreiinga.

– Utanriksdepartementet held derfor oppe gjeldande reiseråd som rår mot alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land, forklarer ho.

DNT ung-leiar Markus Malmin (i midten) var langt frå den einaste som slo følgje med friluftshelt Lars Monsen då DNT og NRK i fjor arrangerte langtur i høve 150 årsjubileet til Den norske turistforening. Foto: Marius Dalseg Sætre/DNT