Dette irriterer nordmenn mest på noregsferie

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei undersøking utført av Norstat på vegner av Frende forsikring.

– Vinnaren av den upopulære kåringa er soleklar. Vêret irriterer flest, etterfølgt av mangelen på sydenvarme. Dei to heng jo også tett saman, seier kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen i Frende forsikring i ei pressemelding.

Menn er meir irriterte enn kvinner

Undersøkinga viser også nokre skilnader mellom menn og kvinner:

Heidi Tofterå Slettemoen i Frende forsikring. Foto: Frende

– Menn er dobbelt så irriterte som kvinner over andre nordmenn når dei er på ferie i eige land. Kvinner er på si side dobbelt så irritert over flåtten som menn, seier Slettemoen.

Menn er ifølgje undersøkinga også meir vêrsjuke enn kvinner, og det er betydeleg fleire kvinner enn menn som seier at ingenting irriterer dei med noregsferie.

Blant andre irritasjonsmoment finn ein temperaturen i havet, kø til attraksjonar, at det er lyst når ein skal sove og at det er dyrt å feriere her.

Kva irriterer deg mest med noregsferie?

Kva irriterer deg mest med noregsferie?

Vêret3
Andre nordmenn3
At eg eigentleg vil til utlandet4
Mygg8
At det ikkje vert skikkeleg varmt1
Flått0
Temperaturen i havet0
Kø til attraksjonar4
At det er lyst når eg skal sove1
At folk påpeiker irritasjonsmoment4
Noko anna5
Ingenting, ferie i Noreg er topp!17
Svar totalt: 50

Dette irriterer nordmenn på noregsferie mest

  1. Vêret
  2. At det ikkje vert skikkeleg varmt
  3. At eg eigentleg vil til utlandet
  4. Mygg
  5. Andre nordmenn
  6. Flått
  7. Temperaturen i havet
  8. Kø til attraksjonar
  9. At det er lyst når eg skal sove

Kjelde: Frende forsikring