Opnar for kjæraste- og familiebesøk frå utlandet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det blir likevel ikkje gitt unntak frå karanteneplikta eller dei normale vilkåra i utlendingslova, opplyste justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

Monica Mæland Foto: Torbjørn Tandberg/Regjeringen.no

– Regjeringa prøver heile tida å finne rett balanse mellom smittevern og opning. Når smittesituasjonen er som han er i Noreg, gir det oss moglegheit til å opne litt meir. Når vi ser at innreiserestriksjonane som er innførte på grunn av koronasituasjonen, særleg har ramma familiar og kjærastar hardt, er eg glad for at vi no kan lempe meir på reglane for land utanfor EU og EØS, sa Mæland.

Retten til innreise for utlendingar som skal flytte til Noreg som følgje av familieinnvandring, blir fullt ut gjeninnført.

Mæland understrekar at karantenereglane framleis gjeld for familiemedlemmer og kjærastar.

Her kan du sjå regjeringa sitt foreløpige kart over grøne og raude område: 

Kartet over grøne område (der reisande som kjem inn til landet frå slepper karantene) og raude område (der ein må ha 10 dagar i heimekarantene) kan endra seg. Kjelde: FHI

Illustrasjonsfoto: Erik Odiin/Unsplash