Embla (23) skulle på FN-møte i New York – enda opp i Oslo

Rahman Chaudhry
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida møter Embla Regine Mathisen i konferanse-etasjen til Clarion Hotel The Hub i Oslo. Her har utanriksdepartementet rigga til med noko som ser ut som to TV-studio. 

Medan vi sitt utanfor og tek ein kopp kaffe, vandrar Noregs ambassadør til FN, Mona Juul, forbi, og inn i eit av studioa. 

– Det er ikkje så mange her, vi er ein liten delegasjon, seier Embla. 

Mathisen er leiar i Changemaker, og ungdomsdelegat frå Landsrådet for Noregs Barne- og Ungdomsorganisasjonar (LNU) til FNs høgnivåveke. Eller HLPF, som dei kallar det i FN-systemet. 

– Høgnivåveka starta i 2017 som eit offisielt FN-møte der alle landa møtest for å sjå korleis ein ligg an med å innfri berekraftsmåla, forklarer Changemaker-leiaren. 

– I år skulle temaet vere “eit tiår for handling”. Men koronapandemien har gjort at eit stort tema har blitt korleis ein kan nytte situasjonen vi er i no, til å finne nye og betre løysingar på store problem.

Ta quizen: Kva kan du om FN sine berekraftsmål?

God morgon, New York

Klokka er allereie 15.00, men for Noregs delegasjon til høgnivåveka har dagen berre so vidt byrja. I hovedstudioet sit ordstyrarane og leiar hovudsesjonen. På TV-skjermen i lobbyen kan ein sjå ein diplomat frå Marokko halde eit innlegg.

– Vi fylgjer New York-tid, så vi byrjar ikkje før omkring 14.00 kvar dag, seier Mathisen. 

– Og vi held på til 23. So eg får sove lenge! 

Noregs delegasjon til FN har hatt mykje å gjere i det siste. Det er berre eit par veker sidan Noreg kom sigrande ut frå kampen om eit sete i FNs tryggingsråd. No er dei kjende rosa sokkane og nykelbanda frå Noregs valkamp bytta ut, og nye oppgåver står for dør. 

Embla Regine Mathisen held eit innlegg frå studioet i Oslo under FNs høgnivåveke. Foto: Utanriksdepartementet

For Noreg leiar også FNs økonomiske og sosiale råd (ECOSOC), som har ansvar for gjennomføringa av høgnivåveka. Det trur Mathisen gjev utslag på kor sterkt Noreg stiller i møtet. 

– Eg trur det har stor verknad. Det har ein signalverdi, som gjer at vi står fram som ein samlande delegasjon, og har gode kontaktar i dei fleste land, seier Mathisen. 

– Det tyder også at Noreg har investert meir i eit godt studio. Det styrkjer vår delegasjon og korleis vi ser ut utad. 

Les også: Greta Thunberg og norske Pauline Tomren i brev til FN-land: – Noreg set verda i fare

Frå FN-bygget til Oslo sentrum

Sjølv om Mathisen har mykje å gjere hjå den den norske delegasjonen sitt studio i Oslo sentrum, kjem ein ikkje vekk frå at situasjonen ikkje er optimal. 

– Du skulle jo eigentleg ikkje vere her?

– Nei, seier Mathisen litt vemodig. 

– I utgangspunktet skulle eg fylgje høgnivåveka i New York, og eg skulle delta på ungdomsforumet til ECOSOC, som skulle ha vore i mars. 

Mathisen skulle eigentleg ha vore i New York. I staden blei det eit studio i Oslo. Foto: Framtida

Ungdomsforumet til ECOSOC blei avlyst, og høgnivåveka blei digitalisert. Då fekk ikkje Mathisen reist til New York og jobbe i sjølve FN-bygget. 

– Det hadde vore ein stor styrke å vere der fysisk, og møte båe sivilsamfunnet og andre delegasjonar i New York, seier ho.

Mathisen ser framleis lyst på situasjonen. Ho er oppteken av at Noreg har investert i eit godt oppsett til den norske delegasjonen. 

– Dei fleste som er med på møtet deltek frå stova si, seier ho. 

– Eg har til og med sett ein som deltok frå bilen sin. Men i den norske delegasjonen får vi god kontakt med kvarandre. Det hadde vore vanskeleg å vere ungdomsdelegat dersom eg sat åleine på rommet mitt. 

Noregs delegasjon til FNs høgnivåveke. Foto: Utanriksdepartementet

Klima og kapital

Changemaker-leiaren er også vald til rolla som ungdomsdelegat på bakgrunn av eigen politikk. Ei av prioriteringane hennar er å rette søkeljoset mot auka i kapitalflukt. 

– Klimakrisa har gjort at fleire u-land står i gjeldskrise. Koronapandemien har liknande konsekvensar. 

– For at landa skal kunne gjere ekstra tiltak for å stanse smitten, må ein ha meir ressursar. Det kan ein til dømes gjere ved å hindre kapitalflukt, seier Mathisen. 

– Kva er kapitalflukt?

– Kapitalflukt er at eit land ikkje får dei skattepengane dei eigentleg skal ha. Det skjer til dømes når store firma taktisk legg pengane sine i skatteparadis som Sveits og Cayman-øyene.

FNs høgnivåveke varar frå 7. til 16. juli, og er FNs største digitale møte om berekraftsmåla nokon gong.

Journalisten som skreiv denne saka var ungdomsdelegat for LNU til FNs generalforsamling hausten 2019. 

Les også: Berekraftsmåla – no også på nynorsk

FNs berekraftsmål er no tilgjengelege både på bokmål, nynorsk og nordsamisk. Illustrasjon: FN-sambandet

FNs høgnivåveke

  • Heiter offisielt «High Level Political Forum on Sustainable Development»
  • Blei etablert i 2017, og har som mål å fylgje opp arbeidet med FNs berekraftmål
  • Blir i 2020 heldt digitalt for fyrste gang, med hovudbasar i New York og Oslo
  • Er organisert av FNs økonomiske og sosiale råd (ECOSOC). Noreg held presidentskapet i ECOSOC.
  • Embla Regine Mathisen (23) er Noregs ungdomsdelegat til høgnivåveka.