Changemaker reagerer på at lokale skal ha blitt kasta ut av heimane sine før COP30

Lokalbefolkninga i Belém blir pressa frå heimane sine før FNs klimatoppmøte, skriv den britiske avisa The Guardian. – Kritikkverdig, seier Changemaker-leiaren.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

I november skal FNs årlege klimatoppmøte, COP30, gå av stabelen i Belém i Brasil. Byen er vald for at verda skal få sjå korleis klimaendringane påverkar regnskogen.

Men valet av vertsby har blitt møtt med kritikk og skuldingar om at fattigare land blir tvinga ut av møtet på grunn av skyhøge prisar. Framtida.no har tidlegare skrive om at Natur og Ungdom fryktar at dei ikkje har råd til å delta på klimatoppmøtet.

– Svært høge kostnader knytt til deltaking på COP30 er urovekkande. Det kan bety at både land og sivilsamfunn ikkje kan delta fullt ut, uttala kommunikasjonsrådgjevar i Klima- og miljødepartementet Siv Fjørtoft då.

Det er venta at rundt 50 000 menneske vil ta turen til den brasilianske byen i samband med klimatoppmøtet, og det vart tidleg klart at det ikkje ville vere nok hotellrom til alle.

No kan avisa The Guardian fortelje om lokale innbyggarar som blir pressa frå heimane sine fordi det skal lagast mellombelse overnattingsstadar for dei tilreisande til klimatoppmøtet. 

Avisa har mellom anna snakka med ei kvinne som i mars fekk ein utkastingsordre på 30 dagar. Ho fortel at tolv familiar som budde der blei tvinga ut. Grunnen ho fekk oppgitt, var at eigaren av bygget planla å gjere om alle leilegheitene til korttidsutleige for COP30.

– Prikken over i-en

Allereie før klimatoppmøtet, var Belém prega av bustadmangel og landets nest høgaste leigekostnadar, skriv The Guardian.

– COP30 var prikken over i-en, seier Priscilla Santos i tankesmia Rede Amazônidas pelo Clima til avisa.

Ho hevdar dei store eigedomsselskapa i byen var raske med å sikre seg avtalar med eigarar av eksklusive eigedommar, og lova å leige ut til utlendingar for vanvitige summar. 

The Guardian har sett reklamemateriell frå lokale styresmakter som oppmodar lokalbefolkninga til å dra nytte av COP30 til å tene enda meir.

Changemaker: – Kritikkverdig

Leiar i Changemaker Ragnhild Bergli meiner det er ekstremt viktig at arrangement i regi av FN blir arrangert på best mogleg måte, og at dei varetar omsynet til alle menneska som er involvert.

– Det å kaste folk med veldig lite å rutte med ut frå heimane sine, og ønske å tene pengar på eit klimatoppmøte, som eigentleg er ein demokratisk instans for å løyse klimakrisa, er kritikkverdig, seier Bergli på telefon til Framtida.no.

Ho ser mange utfordringar rundt å arrangere klimatoppmøtet i Belém, og seier det er omsyn ein må vege opp mot kvarandre.

– Ein ser jo at det går på kostnad av lokalbefolkninga på ein måte som kunne blitt løyst på ein annan måte.

Ragnhild Bergli er leiar i Changemaker. | Foto: Anneli Lindahl/Changemaker

Innbyggarar The Guardian har snakka med ønskjer likevel at byen skal vere vertskap for klimatoppmøtet og at folk skal få auga opp for konsekvensane av klimaendringane. Bergli anerkjenner at det er viktig å vere der midt i klimakrisa.

– Samtidig er det ekstremt kritikkverdig at ein bidrar til å forverre klimakrisa. For eksempel ved å hogge ned milevis med regnskog for å lage vegar inn til der møtet skal haldast. Det er veldig kontraproduktivt og veldig spesielt å vere vitne til.

Vil reise

Changemaker planlegg å reise til Belém i november.

– Vi har tatt ei vurdering på at det er viktig at sivilsamfunnet er til stades, og har som mål å kome oss dit for å halde Noreg ansvarlege og vere ambisiøse og kjempe for god klimapolitikk der.

Changemaker-leiaren understrekar at det er eit demokratisk problem at dei som ofte blir ramma hardast, ikkje har moglegheit til å delta i demokratiske prosessar som i aller høgste grad angår dei.

Noreg leiger av lokale

Ifølgje NRK er det berre 68 av 198 land som har ordna innkvartering to månader før klimatoppmøtet startar. NRK får opplyst at Klima- og miljødepartementet har leigd fleire leilegheiter i Belém, i staden for å bu på hotell.

– Vi leiger leilegheitene våre i Belém direkte frå dei som bur der. 20 prosent av det vi betalar går til ein eigedomsmeklar, medan 80 prosent går til eigarane. Vi har elles ein reisepolicy som tilrår dei reisemåtane som gir minst mogleg miljøbelastning, innanfor ein rimeleg pris, opplyser Klima- og miljødepartementet til Framtida.no.

Kommunikasjonssjef Martine Røiseland skriv i ein e-post at Noreg ikkje kan påverke kva land eller byar som blir valde som vertsby for klimatoppmøte når det skjer utanfor vår region.

Etterlyser tydelegare føringar

– Vi forstår at det kan opplevast krevjande for lokalsamfunn og -befolkning å ta imot så mange menneske på ein gong. Samtidig har vi vore tydelege på at slike møte bør haldast på stader som har kapasitet til å ta imot både deltakarar og presse, utan at det legg unødig press på lokalsamfunn eller infrastruktur. Difor har vi teke til orde for tydelegare føringar frå klimakonvensjonen framover, slik at vertslanda får betre føresetnader og at prisnivået blir halde på eit moderat nivå.

Røiseland understrekar at situasjonen ikkje er svart-kvit, og viser til kjeldene i The Guardian-artikkelen.

– Dei som er intervjua i saka har funne andre stader å bu, og har sjølve peika på at COP30 òg gir viktige moglegheiter for Belém, for regionen, og for å løfte fram Amazonas internasjonalt.