Greta Thunberg og norske Pauline Tomren i brev til FN-land: – Noreg set verda i fare

Pauline Tomren (MDG) og Greta Thunberg har sendt brev til 38 øystatar, og ber dei stemma mot at Noreg får plass i Tryggingsrådet til FN.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pauline Tomren er leiar i Grøn Ungdom Vestland, og fylkestingsrepresentant for MDG Vestland. Foto: Privat

Pauline Tomren er fylkestingstingspolitikar i Vestland for Miljøpartiet Dei Grøne og har skrive under på brevet saman med den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg og Litokne Kabua og Ranton Anjain frå Marshall-øyane.

– Det eg håpar me oppnår, er at Noreg ikkje får ein plass i Tryggingsrådet. Eg håpar at øystatane vil stemma mot at Noreg får ein plass der, og at dei vil kunne få med fleire til å stemma mot Noreg, seier Pauline Tomren til Vårt Land, som først skreiv om saka.

– Stor risiko for felles tryggleik

I brevet skriv dei mellom anna:

«Me skriv til dykk framfor det komande valet til Tryggingsrådet for å dela den djupe bekymringa for politikken som to av kandidatlanda, Noreg og Canada, no legg opp til. Viss den blir sett ut i livet, vil den bety ein stor risiko for felles tryggleik no og for framtidige generasjonar».

Klimaaktivistane åtvarar mot forliket i Stortinget om iskanten og petroleumsskatt.

Viss Noreg meiner alvor med å følgja Parisavtalen, så bør heller regjeringa fjerna skattefordelane til oljeindustrien og utvida området som blir forbode for oljeleiting.

Brevet er også skriven under på av 22 forskarar med Arktis og klima som spesialfelt.

Kjempar om plass i det viktigaste FN-organet

Tryggingsråde til FN er det mektigste organet i FN, og har 15 medlemsland. Det har hovudansvaret for arbeidet til FN med å ta vare på fred og tryggleik. Alle land i verda er forplikta til å gjera som Tryggingsrådet sier.

17. juni skal det veljast nye medlemmar til Tryggingsrådet, og blant dei to vestlege landa som skal veljast er Noreg, Irland og Canada. Noreg har jobba i lang tid å bli medlem av Tryggingsrådet. Sist gong Noreg var medlem var i 2001-2002.

Svenske Greta Thunberg og amerikanske Alexandra Villasenor under ein klimademonstrasjon i New York, 6. september 2019. Dei står begge på avsendarlista i brevet sendt til den norske regjeringa. (AP Photo/Richard Drew)