NRK klarte ikkje 25 prosent nynorsk på nett i 2024

Men totalt har nynorsk auka på alle plattformene deira.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg er glad for at resultatet er så bra som det er, og at vi aukar på alle plattformer, men det er sjølvsagt synd at vi ikkje klarer 25 prosent på kvar plattform.

Det seier Karoline Riise Kristiansen, språksjef i NRK, på telefon til Framtida.no.

Kringkastaren har som mål og minstekrav å ha 25 prosent nynorsk innhald på kvar av plattformene sine, noko dei ikkje fekk til i 2024. Dei gjorde det likevel betre i fjor enn i 2023 og 2022.

Totalt i 2024 var 28 prosent av NRK sitt innhald på nynorsk, noko som er rekord. Ifølgje Riise Krisiansen er det fyrste gong radio er over 25 prosent.

NRK.no hadde 23,2 prosent nynorsk, NRK TV hadde 29,4 prosent nynorsk, og NRK Radio hadde 25,2 prosent nynorsk.

Språksjef Karoline Riise Kristiansen. | Foto: Ole Kaland/ NRK

Vanskeleg på nett

På TV kan kringkastaren i stor grad styre kor mykje nynorsk dei har gjennom teksting, og på radio har dei lagt inn ein innsats med både språkrøkt hjå programleiarar og nyheitsopplesarar og innspeling av nynorske jinglar det siste året.

Dialektane som blir nytta på radio blir registrert som 50 prosent bokmål og 50 prosent nynorsk.

Nynorsk innhald på nett er vanskelegast å få til, noko språksjefen seier det er fleire grunnar til. På nett har ein det tydelegaste skiljet i språk, sidan ein artikkel enten er på bokmål eller nynorsk.

I tillegg er dei ein laupande produksjon, sidan mykje av innhaldet er nyheiter, som gjer det vanskelegare å planlegge.

– Vi veit ikkje kva som skjer i morgon eller kor mange saker som blir publisert i løpet av ein dag, det er avhengig i nyheitsbiletet og kva som skjer. Viss det berre er bokmålsskrivande folk når noko skjer i Det kvite huset om natta, så blir det naturleg nok ein auke av bokmålsartiklar, seier ho.

Eit av tiltaka deira er å ha jamleg kursing av alle vaktsjefar, både på Marienlyst og ved regionkontora. Dei får innføring i språkteknologi, korleis dei kan følgje laupande med på nynorskprosenten, dei mest vanlege feila, og planlegging, noko ho trur får gode utslag.

– Det er jo vaktsjefane som sit på nett og sikrar både språk og artikkelproduksjonen vår.

Kan ikkje liggje på enkeltpersonar

Sebastian Vinsent Natvik, leiar i Norsk Målungdom, er glad for at tala går opp, men meiner det er veldig viktig å betre nettinnhaldet, der dei framleis ikkje når opp.

– Eg synest det er utruleg synd, for det er tekstflata som er viktigast for nynorsken, seier Natvik på telefon til Framtida.no.

– Eg reknar med at eg ikkje er den einaste som brukar mest tid på NRK.no, det er hovudkjelda mi til nyheiter, og ein av få plassar eg kan lese dei på nynorsk.

Han var i eit møte med NRK-leiinga i desember for å høyre korleis dei arbeider med å få inn meir nynorsk, og har inntrykk av det er ei prioritering hjå leiinga.

Sebastian Vinsent Natvik (20) frå Alver er leiar Norsk Målungdom. | Foto: Maren Braut/Norsk Målungdom.

Samstundes håpar han på betre stabilitet i produksjonen.

– Det verkar som om mykje kvilar på enkeltpersonar, så når nokon skal ut i permisjon, fyk prosenten ned, og det er jo litt skummelt.

25 prosent nynorsk i 2025?

Riise Krisiansen fortel at fleire redaksjonar har spelt på lag for å levere meir innhald på nynorsk på nett.

Ho trekk særleg fram gode framsteg frå regionskontora NRK Stor-Oslo og NRK Nordland. Sportsredaksjonen har i tillegg halde seg over 25 prosent nynorsk innhald, og NRK Kultur leverer på både bokmål, nynorsk, samisk og kvensk.

– NRK Møre og Romsdal og NRK Vestland har teke eit særleg ansvar, både på dette med godt nynorsk og det med å hjelpe andre med korrekturlesing av artiklar omsett av språkteknologi, trekk ho også fram.

Nynorsk er på agendaen kvar månad på redaktørmøtet med kringkastingssjefen. Språkskjefen er klar på at dei kjem til å halde fram med jobben, til dei har ein sunn og stabil produksjon av innhald på nynorsk.

– Det hadde jo vore ekstra kjekt å klare kravet om 25 prosent i 2025, legg ho til.


Les meir om nynorskprosenten i NRK frå tidlegare år: