Neda Margrethe (13) pratar nordsamisk i komande Netflix-film

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Strøymegiganten Netflix kjem snart med den internasjonale julefilmen Klaus. Der dukkar karakteren Margu opp – og ho snakkar nordsamisk!

Det melder Sameradion & SVT Sápmi.

Det er Neda Margrethe Labba (13) frå Tromsø som skal gje stemme til karakteren Margu, som er ei lita samisk jente. 13-åringen står på rollelista saman med Hollywood-stjerner som Jason Schwartzman, Rashida Jones og Oscar-vinnar J.K. Simmons.

Sjølv om filmen skal dubbast til fleire språk, vil karakteren Margu snakke nordsamisk i alle variantane, ifølgje Sameradioen og SVT Sápmi.

Postmann nord for polarsirkelen

Klaus handlar om postmann-studenten Jesper. Han gjer dårleg figur i utdanninga, og vert stasjonert på ei forfrose øy nord for polarsirkelen, der bebuarane verken sender brev eller pratar saman.

Jesper er i ferd med å miste motet før han møter læraren Alva og oppdagar Klaus, ein mystisk snikkar med hytta full av handlaga leikar. Det vert starten på ein ny arv med sjenerøse naboar, magi og strømper som heng framfor peisen.

Klaus er Netflix sin første animerte originalfilm og har premiere 15. november.

Sjå traileren til den komande julefilmen her: 

– Fengsla av den samiske kulturen

Handlinga er sett til den oppdikta plassen Smeerensburg nord i Skandinavia, men for den spanske regissøren Sergio Pablos var det viktig at filmen var basert på røynda:

– Når han reiste til Noreg for å byrje å gjere research vart han fengsla av den samiske kulturen og ville at den skulle gjevast plass i filmen, skriv Netflix i ein e-post til Sameradion & SVT Sápmi.

Netflix skriv vidare at regissøren var på besøk til Noreg i 2018. Då fekk Pablos hjelp av ein samisk koordinator til å kome i kontakt med andre samar og få ei ordentleg forståing for den samiske kulturen.

Til filmnettstaden IndieWire seier regissøren at dei i produksjonen har arbeidd saman med samar som har reindrift, og at han ville inkludere den samiske kulturen for å syne fram mangfaldet:

– Dei er etnisk ulike resten av dei skandinaviske folka, og overvinner også fordommar, seier Pablos.

Samstundes har samekofta inspirert og vorte ein del av opphavshistoria til nissen i filmen, fortel regissøren.

Vande med å vente

Dette vert andre gongen på kort tid at ein av verdas leiande filmformidlarar tek nordsamisk inn i varmen. 

Framtida.no har tidlegare skrive om at den komande Frost-oppfølgjaren vert dubba til nordsamisk. Jikŋon 2, som er den nordsamiske filmtittelen, vil ha premiere på same tid som den norske.

– Me er vande med at me får det på samisk seinare, om det skjer nokon sinne, men no skjer det samtidig, sa Sara Margrethe Oskal til Framtida.no i førre veke.

Ho har vore instruktør for skodespelarane som står for den nordsamiske dubbinga av den etterlengta Frost-oppfølgjaren.

Frå venstre: Den svenske sametingspresidenten Per-Olof Nutti og Gudrun Ellá Márge Nutti (10), president i Samerådet, Åsa Larsson Blind og Ida Elisa Blind (10), den norske sametingspresidenten Aili Keskitalo og dottera Inga Ristin Nystø Keskitalo (11) og den finske sametingspresidenten Tiina Sanila-Aikio og Elli Då´mnn Aikio (10). Foto: Siv Eli Vuolab/Sametinget