Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å vere prest er å stå på ein historierik tradisjon som eg også har i oppgåve å utfordre, skriv Hanne Marie Iaursulëiel Frostlid i ein e-post til Framtida.no.

Til dagleg jobbar 32-åringen som sjømannsprest i Sjømannskyrkja i København, men for å kome dit har Frostlid møtt nokre hinder på vegen.

For fire år sidan søkte ei nyutdanna Frostlid stilling som sokneprest i Sandøy kommune. Ho var då open om at ho hadde planar om å gifte seg med kjærasten sin. Det som fekk nokre prestar til å heve augebryna: hennar komande ektefelle var ei kvinne.

Biskopen i Møre bispedømme gav beskjed om at ho ikkje ville ordinere den unge presten, og Frostlid sa til slutt frå seg stillinga.

Då ho eit knapt år seinare takka ja til ei stilling som sjømannsprest i Sjømannskyrkja i Miami skreiv Frostlid likevel historie. Ifølgje Aftenposten var det første gong ein homofil prest fekk ei vigsla stilling i organisasjonen.

Frå Florida gjekk vegen vidare til København, der 32-åringen arbeider i dag.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Eg valde å bli prest fordi det er eit yrke kor eg får møte menneske i alle mogelege livssituasjonar. Eg får peike på Gud i desse møtene, og i det få bekrefte mennesket sin uendelege verdi. Eg er ein idealist som trur at meininga med livet er å basere det på Gud sin kjærleik. Som prest får eg dele denne gode bodskapen med andre!

– Svarte det til forventningane?

Hanne Marie Iaursulëiel Frostlid har eit arbeidsliv som omfattar både dei triste og dei lukkelege stundene i livet. Foto: Privat

– Ja, absolutt og meir til. Presterolla har forma meg mykje meir enn eg trudde! På mange måtar har presteyrket gjort meg meir audmjuk. Både overfor menneske sine erfaringar, men også for yrket mitt.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Normalt har vi ein arbeidsdag som startar med morgonmøte kl. 9. Så fortset dagen med planlegging av gudsteneste, ha sjelesorgsamtaler, skrive vigselstaler, servere vafler til besøkande, gjere klart til studentmiddag eller eit anna arrangement, osv. Arbeidsdagen kan vere svært variert, og som sjømannsprest må ein vere allsidig!

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Til ei viss grad førebudde profesjonsstudiet i teologi meg på å bli prest.

Frostlid fortel at ein i løpet av den seksårige utdanninga tek eit mangfald av fag, frå prekenlære og sjelesorg til språkfag og religionspedagogikk. Likevel opplever mange at dei treng meir tid på å vekse inn i presterolla og brukar difor lenger tid, forklarar ho.

– I utdanninga kan ein aldri bli godt nok førebudd til å møte menneske i krise. Ein må erfare det, i både praksis og når ein kjem ut i yrkeslivet.

32-åringen er ein av eit stadig skrumpande tal unge prestar som har gjort ferdig teologistudiet her til lands dei siste åra. I fjor melde NRK at Den norske kyrkja slit med å rekrutteringa til yrket, der aldersgjennomsnittet allereie er høgt.

– Kva er det beste med jobben?

– At eg får vere ein medvandrar for min medmenneske og at eg får brukt så mange sider av meg sjølv!

Ein kan aldri bli godt nok førebudd til å møte menneske i krise

 

– Kva er det mest utfordrande?

– Det er utfordrande å i løpet av berre ein arbeidsdag skulle bevege seg mellom alle ytterkantane i livet: frå sorg og mørke, til lys og glede. Eg må klare å vere fullt og heilt til stades der eg er til ei kvar tid. Det er ikkje alltid eg klarar det.

– Kven passar yrket for?

– Det passar for dei som ønsker å romme heile livet i jobben! Med alt kva det inneberer av glede og sorg, tru og tvil, kvardag og fest. Det er eit yrke kor du får bruke di kristne tru til å vere ein medvandrar for menneske og kor du får løfte fram kjærleiken som ei rettesnor!

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Tenk at du skal fylle presterolla i staden for at du skal tilpasse deg den. Kyrkja treng eit mangfald av prestar! Ta gjerne kontakt med ei kyrkje nær deg og spør om du kan få prøve deg som medhjelpar i ei gudsteneste, i konfirmantundervisning eller anna arbeid i kyrkjelyden.

Kyrkja treng eit mangfald av prestar!

 

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Eg har opplevd mange fantastiske, rare, gøyale og utrulege ting i jobben. Men noko av det mest uforgløymelege må ha vore då eg fekk prøve å fly i eit småfly då eg besøkte flystudentar i Florida.

 

Rebekka Sirevåg Thomassen

«Størst av alt er kjærligheten» står tatovert på Rebekkas overarm. Det begynte som ei greie ho, systera og mora skulle gjere saman. «Fordi me er tre ulike menneske, med tre forskjellige måtar å leve livet på, tre ulike syn på tru, politikk og så vidare. Men uansett er kjærleiken størst. Det hjelper jo at det er eit kjent sitat frå Bibelen sjølvsagt, men det er eit bodskap alle kan ta til seg,» forklarer Rebekka.

Hanne Marie Iaursulëiel Frostlid

Alder: 32 år

Frå: Oslo, Norge

Yrke: Sjømannsprest (Sjømannskirken i København. Tidligere Sjømannskirken i Miami)

Utdanning: Profesjonsstudiet i teologi