Kyrkja kartlegg forholda for LHBT-tilsette
Den norske kyrkja har sendt ut ei undersøking blant sine tilsette for å kartlegge utfordringar som tilsette med LHBT-bakgrunn møter.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Målet er å fange opp korleis og i kva grad tilsette med LHBT-identitet blir utsett for belastningar og utfordringar i yrket sitt, seier Kristine Sandmæl i ei pressemelding.
Ho er leiar i Kyrkjerådets LHBT-utval og er til dagleg prost i Lofoten.
Det er mellom anna på bakgrunn av at kyrkjeleg tilsette som er lesbiske, homofile, bifile og tranpersonar (LHBT), har meldt om utfordringar på arbeidsplassen at undersøkinga blir sett i verk.
Undersøkinga går ut til tusenvis av tilsette i kyrkja.
Les også: Yrket mitt: Hanne (32) var den første homofile presten i Sjømannskyrkja