Fleire norske ungdommar droppar «fem om dagen»: – Uroleg

Norske ungdommar er sunnare samanlikna med andre europeiske ungdommar, men under halvparten følgjer kosthaldsråda frå helsestyresmaktene, viser ein ny rapport.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange norske barn og unge følgjer ikkje tilrådinga om dagleg inntak av frukt og grønt, og mange får heller ikkje tilrådd mengd fysisk aktivitet. Det er eitt av funna i rapporten om helse og trivsel blant barn og unge i Noreg som blei publisert onsdag.

Ellen Haug er førsteamanuensis ved
Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) hjå Det psykologiske fakultet ved UiB. Foto: UiB

– Eg er uroleg over nokon av resultata knytte til matvanar hos dei unge. Dei bør få full effekt av eit godt og næringsrikt kosthald, for optimal helse, utvikling og for å hindre overvekt.

Det seier førsteamanuensis Ellen Haug ved Institutt for helse, miljø og likeverd ved Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen.

Hevas-rapporten er den norske delen av ei stor, internasjonal undersøking i regi av Verdshelseorganisasjonen.

Jenter droppar frukosten

– Vi finn at under halvparten barn og unge følgjer dei nasjonale kosthaldsråda, og vi ser at for nokon av målingane er det òg ei negativ utvikling sidan førre Hevas-undersøking frå 2016, seier Haug.

Mellom anna et dei yngste norske jentene – 11-åringane – mindre frukt, og fleire jenter droppar frukosten enn gutar. Forskarane set dette i samanheng med kroppspress og at jentene tenkjer på å redusere kaloriinntaket med tanke på vekta.

Sunnare enn europeiske jamaldra

Rapporten viser at dei norske ungdommane likevel er sunnare enn andre europeiske ungdommar.

Andre funn i rapporten er mellom anna at snusbruken har gått ned, at nesten ingen opplyser at dei røykjer tobakk, men at rundt 30 prosent av gutar i 15-årsalderen har prøvd e-sigarettar.