Trump-administrasjonen vil ha meir pizza og burger på amerikanske skular
Nye retningslinjer skal gjera det lettare å eta usunt på amerikanske skular.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ha færre grønsaker og meir pizza og burger på skulane i USA
Det amerikanske landbruksdepartementet har vedtatt nye reglar som gjer det lettare å velja vekk grønsaker på skulane i USA. Det melder Washington Post.
– Det vil skapa eit stort smutthol i rettningslinjene for ernæring, og legg til rette for at barn kan velja seg pizza, burgarar, chips og annan mat med mykje kaloriar og metta feitt i staden for balanserte og sunne skulemåltid, seier Colin Schwartz ved Center for Science in the Public Interest til avisa.
Dagsavisen var først i Noreg til å omtala saka.
LES OGSÅ: Dei vil utkonkurrera kjøtindustrien innan få år
Skrotar Obama-reglar
Då Michelle Obama var førstedame var kampen mot fedme og for sunnare mat blant hennar viktigaste kampsaker, og regelverket blei stramma inn.
Men etter at Donald Trump blei president har administrasjonen han gått tilbake på fleire av innstrammingane. Blant anna har det blitt mogleg å erstatta frukt med poteter i skulemåltida, og innføringa av Obama-administrasjonen sine strengare reglar for meir heilkorn-produkt og mindre salt har blitt utsett.
Trump-administrasjonen forsvarer dei nye reglane med at det vil føra til enklare matservering og mindre matsvinn.
LES OGSÅ: Det amerikanske landbruksdepartementet fjernar teikneserielandet frå liste over handelspartnarar