Eid vil «klimavaske» sparepengane

– Dagens verdsetjing av selskap innanfor fossil energi er bygd på heilt urealistiske forventingar om vekst i fossil energibruk, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil «grønvaske» sparepengane

Eid kommune i Sogn og Fjordane har vedtatt å vurdere innføring av klima- og miljøkrav til finansforvaltinga i kommunen. Det kan føre til at langsiktige investeringar blir styrt inn mot fond som ikkje investerer i dei mest forureinande formene for fossil energi.

Ordførar Alfred Bjørlo (Venstre) viser til auka fokus internasjonalt på den finansielle risikoen knytt til langsiktige investeringar i fossil energi.

– Dagens verdsetjing av selskap innanfor fossil energi er bygd på heilt urealistiske forventingar om vekst i fossil energibruk, ut frå kva vi veit må til for å hindre dramatiske globale klimaendringar. Det er ein risiko vi snart må tore å snakke høgt om også i Noreg, seier Bjørlo i ei pressemelding.

Eid kommune, med 6.000 innbyggjarar, har cirka 120 millionar kroner i langsiktige finansielle aktiva forvalta av profesjonelle finansforvaltarar. I tillegg kjem cirka 250 millionar kroner i pensjonsfond, forvalta av KLP. Kommunestyret i Eid vedtok nyleg å starte ein prosess for korleis investeringane i kommune kan få ein grøn profil.

– Vi vil starte med å møte finansforvaltarane våre for å utfordre dei på kva moglegheiter som finst i marknaden i dag for å gi fondsmidlane til kommunen ein grøn profil, seier Bjørlo.

LES OGSÅ: – Oljefondet knuser hjarta våre

Sjølv om Eid kommune er den første kommunen i landet som gjer eit slik vedtak, trur ordføraren at fleire kommunar vil kome etter.

– Noreg er seint ute. I Sverige er det mange grøne fondsprodukt på marknaden, og stor etterspurnad etter dette både frå private og institusjonelle kundar. I USA har allereie byar som Seattle og San Francisco gjort det Eid no er i gang med å vurdere. Eg meiner dette først og fremst handlar om å posisjonere seg rett for ei klimavennleg framtid, seier Venstre-ordføraren. (©NPK)

QUIZ: Test klima-kunnskapane dine her!

Kva synest du om vedtaket i Eid? Bør Noreg følgja etter og setja klimakrav til investeringane sine i oljefondet?