Elleve EU-land klare til å hente Moria-barn
Elleve EU-land har forplikta seg til å ta imot barn frå greske flyktningleirar. Men det er ikkje aktuelt for Noreg å hente nokon før løfta er realiserte.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høgre, KrF og Venstre inngjekk i slutten av mai eit kompromiss om å hente einslege Moria-barn til Noreg «forutsatt at minst åtte–ti andre land i Europa realiserer sine uttak».
- Les også: Ungdomspartia vil evakuere borna frå Morialeiren: – Nestekjærleiken stoppar ikkje ved svenskegrensa
EU reknar ikkje med Noreg

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Hilde Barstad (H)Foto: JD, Regjeringen
Statssekretær Hilde Barstad (H) seier til Aftenposten at landa må realisere løfta før Noreg vil ta imot.
– Regjeringa har sagt at føresetnaden for at Noreg bidreg til relokalisering, er at minst åtte–ti land av dei landa som no har sagt seg villig til å relokalisere, faktisk realiserer løfta sine, seier Barstad.
Ordlyden i det norske kompromisset er for vag til at EU tek med Noreg på lista over land som har forplikta seg.
- Les også innlegget: «Moria-løysinga løyser ingenting for ungane i leirane»
Belgia, Bulgaria, Kroatia, Finland, Frankrike, Tyskland, Irland, Litauen, Luxembourg, Portugal og Slovenia har alle forplikta seg overfor EU-kommisjonen til å ta imot barn frå greske flyktningleirar.
I tillegg har Sveits og England henta høvesvis 12 og 47 barn frå greske leirer gjennom familiegjenforeining. Det viser tal frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).
Det er erfaringane frå flyktningkrisen i 2015, då mange land ikkje følgde opp løftar om å ta imot flyktningar, som gjer at regjeringa denne gongen held igjen.
________________________________________________________________________
- Les også innlegget frå frivillig Ida Johanne Aadland: «Kvifor har eg etter tre veker blitt van til å sjå ungar med rotne tenner?»