«Kvifor har eg etter tre veker blitt van til å sjå ungar med rotne tenner?»

Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 11.07.2023 15:07

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

How many years must some people exist
Before they’re allowed to be free?

Eg og Bob Dylan lurar.  

Folka eg møter i Vial, flyktningleiren på den greske øya Chios, er folk som har budd årevis i krig, konflikt og elende. For mange har einaste moglegheit vore å flykte til eit land og ein verdsdel milevis vekke frå familien, språket og kulturen sin, langs ei rute som er traumatiserande nok i seg sjølv.

I staden for tryggleik og eit letta sukk når dei vassar i land på greske strender og europeisk sand, møter dei neste traume, dei europeiske flyktningleirane. 

Foto: Ida Johanne Aadland

Europa sin parkeringsplass

Det er nitten dagar sidan eg sette foten min i ein flyktningleir for første gong.

Dei fleste har høyrt om naboøya Lesvos med leiren Moria, og fellestrekka med Chios og Vial er mange – også Chios er ei nydeleg gresk øy som pleidde å vere ein turistfavoritt, men som no er mest kjent for sin ufyselege flyktningleir som husar tusenvis av desperate og vonde skjebnar.  

Eg treng ikkje gå lenger enn ned på stranda nedfor leilegheita vår for å få beviset på kor eg er.
Foto: Ida Johanne Aadland

Det som vart bygd som transittmottak har blitt parkeringsplassar. Folk blir buande i årevis. Førre veke tilbaud me ein far skyss heim frå nyfødd-avdelinga. Tre år hadde han budd her, iranaren med to koner og seks barn, no sju. Kortid han skal få intervjuet som avgjer om han blir sendt heimatt eller vidare anar han ikkje, og det gjer sikkert ingen andre heller. 

Me hugsar flyktningleirane frå framsidene i 2015 og 2016. Leirane er dei same i dag, berre at det sidan den gong har kome mange tusen fleire som skal dele på doane, legane og kvadratmetrane. I Vial bur det sju tusen, trur me. Ingen veit heilt sikkert, men me veit at den vart bygd for 1050. 

Eg har om mogleg endå fleire spørsmål enn Dylan hadde då han skreiv «Blowin’ in the wind».

Kven har bestemt desse ungane skal ha dårlegare sjansar enn andre?

Kvifor har eg etter tre veker blitt van til å sjå ungar med rotne tenner?

Kor er dei 57 millionar euroane Norge har sendt til Hellas for «kapasitetsbygging»?

Korleis seier ein nei til ungar som spør om ikkje dei òg kan få ein bamse og ein genser?

Kvifor har politikarane tid til kransenedlegging for urett som skjedde før dei var fødd, men ikkje tid til å diskutere og handle for dei som lever no? 

Ein ser det ein vil sjå

And how many times can a man turn his head
And pretend that he just doesn’t see

Eg er redd dei greske øyene med punkterte båtar, gjørmete telt, bossberg og piggtråd blir museet me reiser til om sytti år for å lære «aldri meir». Men det er no me har sjansen til å sørgje for at me slepp.

Ville du gått på do her? Foto: Ida Johanne Aadland

Desse folka treng ikkje fleire minuttar med stillheit ifrå oss. Dei treng timar med handling.

Laurdag sørgjer femten organisasjonar for å samle folk framfor Stortinget heime. «Evakuer barnefamiliane frå Moria», tryglar dei. Eg håpar dei er mange og høglydte, og at folk tek seg tid til å høyre på kva vitna frå verkelegheita fortel. 

Leirane og livet i dei, er Europa sitt ansvar, og å avskrive krisa med å kalle leirane greske er feigt. Sytti-åtti tusen menneske er fanga i ei land der styresmaktene verken har politikk eller moglegheit til å ta vare på dei, i ei sak der politikarane med dei villaste og dummaste utsegna får ordet nettopp fordi utsegna er villast og dummast.

At Hellas ikkje maktar meir og at EU ikkje har evna å handtere flyktningkrisa som dei kunne, kan me setje to strekar under.

Det har gått fire år sidan me såg dei kalde barnebeina og triste ansikta på alle framsider, men svaret frå Europa har endå ikkje kome med vinden. Beina frys framleis, ansikta minst like triste, berre mange tusen fleire, og alle dei vonde orda og bilda er klistra opp framfor oss. Me veit. 

Eg veit ikkje kva nytt eg kan seie, eller kva bilde eg kan vise for at me mirakuløst skal vakne, så eg berre seier det same som alle dei andre som har vore i leirane dei siste fire åra har sagt: Me må gjere noko – no. 

Har du noko på hjarte? Send til tips(a)framtida.no.

Foto: Ida Johanne Aadland