Regjeringspartia og Framstegspartiet samde om iskantgrense på 15 prosent

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har vorte samde med Framstegspartiet. For oss var det naturleg å gå til Frp først. Dei er den næraste og viktigaste samarbeidspartnaren vår, seier Høgres Stefan Heggelund til NTB.

– No har våre fire parti ei semje som er utgangspunkt for dialog med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, legg han til.

Regjeringa foreslo tidlegare i år å flytte den såkalla iskanten til der det i snitt er is 15 prosent av dagane i april. I områda nord for dette skal det ikkje setjast i gang ny petroleumsverksemd.

Politisk betent

Saka er politisk betent, fordi definisjonen av iskanten i praksis handlar om kor langt nord i Barentshavet det kan opnast for boring etter olje og gass.

– For oss har det vore viktig å få landa eit grunnlag for forvaltningsplanen som tryggjer arbeidsplassane i oljeindustrien, som legg grunnlag for vidare vekst, og som tek vare på norske interesser i havområda våre. Det opplever vi at vi har fått til no, seier Frps Jon Georg Dale til NTB.

– Vi har kome fram til gode løysingar med regjeringspartia på fleire område. Og dei er baserte på at næringa sjølv har ønskt eit breitt forlik i Stortinget på dette. Så har vi òg sagt at vi naturlegvis er villige til å snakke med dei andre partia, basert på at vi no er samde oss fire imellom, seier Dale.

Denne illustrasjonen er utarbeidd av WWF, og syner iskanten som den var og dei ulike forslaga: 

Illustrasjon: WWF

Ikkje detaljar

Verken regjeringspartia eller Frp vil derimot ut med fleire detaljar om kva dei har vorte samde om.

– For oss er det ikkje naturleg å gå ut med det. No har vi eit utgangspunkt som er grunnlag for vidare dialog med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Då tek vi det der, seier Heggelund.

Venstres Ketil Kjenseth, som er saksordførar og leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, seier partane heile tida har sikta mot ei brei løysing.

– Eg er veldig glad for at Framstegspartiet vil vere med på ein slik føreseieleg forvaltningsplan, der 15 prosent står seg. Det gir òg tryggleik for viktige sårbare miljøverdiar, seier han.

Natur og Ungdom: – Kjempeskummelt

Onsdag kveld vart det også klart at Arbeidarpartiet går god for regjeringsforslaget om iskant-grense, der det i snitt er is 15 prosent av dagane i april. Partiet ynskjer likevel at det vert teke ekstra omsyn lenger sør for iskanten, då det er særleg verdifullt område.

Iskant-semja får miljøorganisasjonen Natur og Ungdom til å reagere:

– Det er kjempeskummelt at vi har ei regjering som overkøyrer naturen på denne måten. Det er kjempeskummelt at vi ikkje kan stole på at Arbeidarpartiet i opposisjon står opp mot oljegalskapen, og det er kjempeskummelt at både Arbeidarpartiet og Venstre prøvar å presentere eit uvitskapeleg iskantforslag som ein miljøsiger, seier leiar Therese Hugstmyr Woie i ei pressemelding.
 

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU