Finland: Forskarar lagar klede av bjørk og gamle aviser

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar frå det finske Aalto-universitetet har utvikla eit nytt tekstil som det kan lagast klede av.

Det skriv Forskning.no.

Ved å bruke ei løysing kalla Ioncell kan professor Herbert Sixta og forskarane gjere bjørketre, resirkulert avispapir, papp og gamle bomullstekstil om til tekstil.

Dette skjer i tre stadium: Først vert cellulosen oppløyst, så vert den spunnen til fiber, endeleg så vert fibra karda og spunne til garn samleis som andre tekstilfiber.

Her kan du sjå korleis det føregår: 

Skogen kan såleis verte ein konkurrent til bomullsmarkane, som både krev mykje vatn og eit areal som elles kunne vore nytta til anna dyrking.

Les også: Sel brukte klede: – Me har eit stort forbruk av klede

Berekraftiv alternativ

– Stoff laga med Ioncell er mjuke å ta på. Dei har ein nydeleg glans, og fell fint. Det viktigaste er at det er eit berekraftig alternativ, seier Pirjo Kääriäinen, professor ved Aalto Universitetet til Forskning.no.

Kristin Syverud, forskningssjef ved forskningsinstituttet RISE PFI i Trondheim, fortel at endå det har vore laga liknande produkt før, som viskose, så har framstillinga av desse nytta giftige kjemikal. Ho har difor stor tru på den giftfrie finske forskinga:

– Metodane til å løyse opp cellulose utan å bruke dei grisete kjemikala bør vere framtida. Det er ein veldig positiv utvikling. Å bruke skogen som ressurs er veldig fornuftig.

Ioncell-metoden er framleis i startfasen, men forskarane tek sikte på at klede laga på denne måten kan vere til sals i 2025. Nokre har allereie fått ein liten prøvesmak: Den finske førstedama Jenni Haukio hadde på seg ein kjole laga av bjørk i samband med den finske frigjeringsdagen 6. desember 2018.

På frigjeringsdagen til landet, hadde den finske førstedama Jenni Haukio på seg ein kjole laga av bjørk! Her saman med ektemannen, president Sauli Niinistö. Foto: Vesa Moilanen/Lehtikuva

Les også: Vil skape reparasjonskultur for elektronikk