«Eg må slå om til bokmål kvar gong eg skal handle i Oslo»

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Denne teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett i konkurranse med 450 andre ungdommar over heile landet, og er valt ut til å bli publisert.
Som dei gongane eg er i ein skobutikk, i hovudstaden, og berre skal spørje betjeninga om dei har skorne i ein større storleik, må eg slå om til bokmål. Kvar einaste gong. Eller eg prøvar jo fyrst på dialekt, men da blir dei berre ståande å sjå ut som eit stort spørsmålsteikn. Det er litt flautt òg, for eg prøvar gjerne fleire gongar før det går opp for meg at dei ikkje forstår meg.
Og når eg faktisk byrjar å prate bokmål, blir eg enda flauare, fordi eg personleg meiner eg høyrast ut som om ein gjennomsnittleg nordmann på 70 år som skal prøve å prate engelsk…, altså det høyrest ut som om det er fyrste gongen eg prøver å prate.
Når eg faktisk byrjar å prate bokmål, blir eg enda flauare
Eg kan heldigvis trøyste meg med at folk i dei fleste kommunane rundt meg forstår kva eg seier.
Dei forstår at «jælma» betyr veldig, og at det ikkje er eit banneord, og dei forstår at når eg seier «jammen va dæ luggumt vær i dag» så meiner eg at det var fint vêr i dag, utan at dei treng å vrengje sjela si i eit forsøk på å finne ut kva i alle dagar som nettopp kom ut av munnen min.
Det hender seg at eg og må tenkje ei stund for å forstå kva som blir sagt, særleg når bestemor dreg fram ord og uttrykk som sikkert berre eldre folk over 70 år brukar til vanleg.
Eg må òg innrømme at sjølv om eg bur i Lom, så er det visse ord eg føretrekker å seie på bokmål i staden for på nynorsk/dialekt, som for eksempel: gjerde, flaggermus og sommarfugl i staden for hafelle, skinnvengje og fivreld.
Slang er heilt unaturleg for meg å bruke, eg brukar det berre dersom eg skal tulle.
Dei fleste vil nok, heldigvis, forstå ein del av det ein lomvær seier, og ikkje minst, forstå meg, men ikkje alle vil forstå alt.
- Sjekk kor mange dialektord du skjønar: Er du ei «løfserøv», ein «svettpeis» eller kanskje ei «brettlepa»?
Les også bidraget til Mir Rahman (18), om spørsmålet Kor kjem du frå?: «Eg er fødd i Noreg, men eg ser ikkje norsk ut. Foreldra mine er frå Kurdistan, men eg føler meg ikkje kurdisk»
