Er du ei «løfserøv», ein «svettpeis» eller kanskje ei «brettlepa»?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 19.10.2018 18:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Kann du sognamaol og litevetta purketysk, kann du fara verdi rundt; men kjem du te Konstantinopel, staor du hoggande fast», heiter det i ordtaket.

Språkforskar Tor Erik Jenstad har funne fram morosame dialektuttrykk i ny bok. Foto: Titt Melhuus

Språkforskar Tor Erik Jenstad har funne fram morosame dialektuttrykk i ny bok.
Foto: Titt Melhuus

I boka Fysekjerringer og glupstuter. Norges morsomste dialektuttrykk tek språkforskar Tor Erik Jenstad oss med på ei rundreise i det norske dialektlandskapet.

Språkforskaren har samla 300 dialektord og -uttrykk frå bygd og by. Han fortel om utbreiing og opphav og viser korleis ulike uttrykk er blitt brukt rundt i landet.

– Som leksikograf tek eg vanlegvis ikkje parti for orda, men prøver å vere nøytral. I denne boka har eg derimot valt ut ord som eg sjølv synest er artige på ulike vis. Men målet er å få fram den rikdomen og det mangfaldet som finst i dialektordforrådet vårt og dele det med eit større publikum, seier Jenstad til Nynorsk pressekontor.

Les også: Banning gjer deg sterkare

No pjolskar du godt!

Den typiske dialektbrukaren i Noreg i dag er truleg ein jarvlending. Opphavleg er det ein person som snakkar ein ubestemmeleg dialekt, med trekk frå mange kantar. Uttrykket kjem eigentleg frå Agdenes i Trøndelag. Å jarve kan både bety å skravle og å blande, rote saman noko.

Å pjolske betyr å snakke utydeleg eller uforståeleg, særleg om du prøver å gjere deg forstått på eit språk du beherskar dårleg. Ordet er brukt i Nord-Noreg, særleg om dei som prøver seg på samisk, kvensk, eller russisk. Men mange av oss har nok også pjolska engelsk. Uansett kan det då fort bli purketysk, som betyr «uforståeleg språk, babbel, kaudervelsk». Ordet høyrer heime både i Trøndelag, på Vestlandet og i Nord-Noreg. Lokal variant på Nordmøre er til dømes babbeltysk og baldertysk.

Merrasig: Å prata i eitt køyr

Er du blant dei som pratar i eitt køyr har du merrasig, særleg i Eiker og Drammens-området. Driv du i tillegg med tomt og unødvendig lausprat, driv du med kjakebrak. Iallfall i Haram på Sunnmøre.

Ein person som pratar heile tida og overdøyver andre blir i Naustdal i Sunnfjord kalla for ein husetot. Tot heng saman med å tyte.

Ei poppelgryte er også karakteristikken på ei skravlebøtte i Tresfjord og Vestnes i Romsdal. Ordet kjem frå ei putrande gryte, der det boblar over av det som er inni.

Jenstad har delt inn boka i ulike kategoriar, som til dømes ord for ting og tang, ord for naturfenomen, arbeidslivet, det norske kjøkenet, kroppen og personkarakteristikkar.

Les også: Kvifor held nokre bygder på dialekta og andre ikkje?

Bokomslag: Kagge forlag

Bokomslag: Kagge forlag

Veggeglåm, gluntagn eller vassfis

Sistnemnde er eit felt der tradisjonell dialekt er sterk og uttrykksfull. Negative karakteristikkar er i fleirtal.

Ein gropgrynhund kan finne på å kalle folk for kva som helst, for denne personen er rå og stygg i kjeften, eller i oppførsel generelt.

Då kan ein kanskje bli kalla for ein lakalyr i Rogaland, som er eit skjellsord om ein latsabb, doven slask eller udugeleg kar. Ordet er også registrert i Kvinnherad og i Sunnfjord.

Ein svettpeis er eit ukvemsord, av nordnorsk opphav, om ein mannsperson som går og sveittar i arbeidskleda over lengre tid.

Gluntagn: Ei vakker jente med «sex appeal»

Ei veggeglåm er i Leikanger i Sogn eit magert kvinnfolk som er lite å sjå på. Eit gluntagn er derimot ei vakker jente med «sex appeal», særleg på Nesna i Nordland. Glunt er det same som gut.

Ein vassfis er ein fiskar som ikkje har fått fisk. Ordet er utbreidd i heile Sør-Noreg.

Les også: P3-Silje: – Trist at så mange bruker homoskjellsord

Fysen på nonnemig?

Norske mattradisjonar er like varierte som dialektane våre. Tor Erik Jenstad tek føre seg ein variert meny med både nonnemig, skjegg-graut, kantøffel, spekulasi med meir.

Ein matglad person på Sunnmøre og i delar av Sogn og Fjordane vert kalla for løfserøv. Altså ein kakemons, eller helst særleg glad i lefser.

Dåmlauskråke: Ei kvinne som ikkje set smak på maten

Ein som likar feit mat og smør tjukt på brødskiva er ein sulkjeft. Ordet er kjent på Sunnmøre og i Romsdal. Ei fysekjerring er ei gravid kvinne som fyser på uvanleg, spesiell mat. Ordet er registrert brukt i Andebu i Vestfold.

Ei dåmlauskråke er ei kvinne som ikkje set smak på maten. Då blir maten dåmlaus, altså smaklaus og tam. Ein kresen person som då viser motvilje mot maten på bordet vert på Eidsvoll kalla brettlepa. Han eller ho brettar leppene mot det som vert servert. Ordet er også brukt om ein bortskjemd unge. Ein bortskjemd pappagut blir forresten i Selbu kalla for siropskakugut.

Les også: Ver ei stolt bitch!

Mobbing har sin pris

Ein skal derimot vere forsiktig med å kalle folk for ulike ting. Det kan hende dei er neppertolen. Det vil seie lett å fornærme, og som reagerer ved å bli sint eller ty til tårene. Ordet er nordnorsk.

Å transjakle: Å gi juling

Vedkommande i Bergen kan bli månebedotten, altså himmelfallen (falle ned frå månen) og overraska. I verste fall kan denne bergensaren då finne på å transjakle den som mobbar. Då får han ein skikkeleg omgang juling. Det beste er då å smørje hasar, det vil seie leggje på sprang, komme seg vekk i ein fart, som dei sier i Valdres.

Tradisjonell dialekt er sterkt og nyansert i skildringa av vêr, vind og føreforhold. Folk likar å snakke om vêret. Det kan til dømes vere smeigedag (på Sørlandet), solsvelte (i Gudbrandsdalen), rassballføre (på Austlandet), klæsslinning (i Sør-Odal) eller hølksåmmår (i Meldal).

Les også: Dialektane speglar kommunedebatten

Frodig ordforråd på retur?

Det er ingen tvil om at ordskapinga blant nordmenn har vore stor og at ordforrådet har vore frodig. Men er vi like flinke til å skape nye ord i dag?

– Vi lagar nok litt nytt, men i dag skjer det ei omfattande standardisering av ordforrådet. Det er kanskje den mest markante endringa i talemålet til folk frå generasjon til generasjon akkurat no. Vaksne og barn snakkar mindre saman i ein hektisk kvardag. Derfor er det viktig å dokumentere heile breidda i språket gjennom ulike ordbokprosjekt, seier Jenstad.

Les også: I framtida kjem kanskje alle til å snakka same dialekt