Klima og miljø

«Elektrifisering av Melkøya er ein klimakatastrofe!»

No ønskjer grå-koalisjonen å grønvaska olje- og gassektoren med det største naturinngrepet i noregshistoria for å byggja subsidierte vindturbinar på store område, skriv Daniel Homme frå Raud Ungdom.

Daniel Homme (22)
Klima- og distriktsansvarleg i Raud Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Elektrifiseringa av Melkøya er ein klimakatastrofe og vil bli ei valkampsak for oss som ønskjer klimatiltak i staden for naturnedbygging og grønvasking av olje- og gassektoren.

Den 6. mai i år stemde eit fleirtal med AP, H, V og KrF for å halda fram med å elektrifisera Melkøya ved hjelp av landkraft. Det betyr ei teppelegging av vindkraft på store delar av Finnmark. Det betyr eit framhald av olje- og gassektoren i ei kritisk tid for klima. Det betyr endå meir kraftutbyggingar på samiske område der reinen beitar. Det betyr høgare straumrekning og meir ustabile prisar for finnmarkingane. Me veit allereie at 7 av 10 finnmarkingar seier blankt nei til dette prosjektet og at Sametinget har saksøkt staten for vedtaket. Kva meir treng me å vita for å forstå at dette er ansvarsfråskriving på høgaste nivå?

Igjen kan ein finne grå-tverrkoalisjonen Høgre – AP felles i å gjera verst mogleg klimatiltak. Tidlegare i år vedtok dei med SP og Frp å vera først i verda til gruvedrift på havbotnen. No ønskjer grå-koalisjonen å grønvaska olje- og gassektoren med det største naturinngrepet i noregshistoria for å byggja subsidierte vindturbinar på store område.

Ingen av desse delane av kraft-fantasiane til sentrumspartia er fornybare, miljøvennlege eller bra for klimatiltaka som sårt trengst å bli tekne i Noreg. Dette er befolkninga i Finnmark mot, dei fleste naturorganisasjonar mot og til slutt sametinget og samane i lokalområda mot. Dei einaste som vinn frå dette er dei store selskapa som tener milliardar på å halda fram med å vinna ut gass frå Melkøya og vindkraft utbyggjarane som får millionar i subsidiar frå staten for å byggja ned store naturområde i Finnmark.

Igjen, elektrifiseringa av Melkøya er ein klimakatastrofe. Er du imot grønvasking og Noregshistoria sitt største naturinngrep bør du vurdera å halda deg unna Ap, Høgre, Venstre og KrF i komande val. Stem på parti som tørr å gjera nødvendig klimatiltak utan å byggja ned mykje natur.