«Skal det ha noko å seie kva land eg kjem frå?»

Mir Rahman kor kjem du frå?

Mir Rahman
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett i konkurranse med 450 andre ungdommar over heile landet, og er valt ut til å bli publisert.

Det oppstår alltid ein useieleg framandfølelse når eg møter ukjente. Framtidige venar, medelevar, kollegaer – alle blir utsette for den uunngåelege og ukomfortable situasjonen, fylt med uvisse.

På eit eller anna tidspunkt må dei stille spørsmålet, og sjølv om eg veit at det kjem blir eg alltid like overraska. «Kor kjem du frå?».

Svært få innser kompleksiteten i dette spørsmålet. Det er nesten som ein slags fleirvalsoppgåve der alle alternativ høyrest like ut:

A) Fredrikstad

B) Kurdistan

For meg er svaret det same. Som eit fleirkulturelt individ føler eg meg lite polar når det gjeld stadstilknyting og nasjonalkjensle. Eg er ein eller annan stad på midten av spekteret, og bryr meg eigentleg veldig lite om kor eg er frå. Skal det ha noko å seie kva land eg kjem frå?

Heimløyse

Mange opplever spørsmålet «Kor kjem du frå?» som problematisk, men få av dei som spør klarar å gripe kvifor det er tilfellet.

«Det er jo berre eit spørsmål?» er noko mange tenkjer, men det stemmer berre delvis.

Instinktivt svarer eg ofte Noreg, sidan det er her eg er fødd og oppvaksen, men når eg får oppfølgjarspørsmålet, «men kor kjem du eigentleg frå?», må eg igjen revurdere identiteten.

Sidan eg har bakgrunn i fleire stadar, endar eg alltid opp med ei kjensle av heimløyse. Eg er fødd i Noreg, men eg ser ikkje norsk ut. Foreldra mine er frå Kurdistan, men eg føler meg ikkje kurdisk.

Fordommar og tabu

Ikkje berre er spørsmålet vanskeleg å svara på fordi eg ikkje veit kva eg skal seie, men òg fordi eg fryktar konsekvensane av svaret mitt. Personen som spør vil automatisk gruppere meg saman med assosiasjonar knytt til bakgrunnen min: Midtausten, islam, krig, terrorisme og mange andre tabu.

Bakgrunnen din vil uansett ha noko å seie for kven du er

Samtidig er det ulogisk å be folk slutte å spørje andre kor dei er frå.

Å ignorere andre sin bakgrunn er som å ta eit steg i feil retning. Det gir meining at ein ønsker å vite kor sine kjente er frå.

Bakgrunnen din vil uansett ha noko å seie for kven du er. Preferansar, vanar og verdiar blir forma til ei viss grad av oppveksten din. Ved å sjå bort frå bakgrunn som ein del av oss, vil dei allereie etablerte tabua bli forsterka.

– Handlar ikkje om landegrenser

Det er i møte med slike spørsmål eg byrjar å tenka over kva ein «heim» eigentleg er.

Eg kallar Kurdistan for «heimlandet» mitt, sjølv om eg så vidt har vore der. Samtidig føler eg ikkje noko sterk tilknyting til Noreg som eit land.

Eg har derfor akseptert at ein heim ikkje handlar om landegrenser, men så å seie alle andre faktorar enn geografiske avgrensingar.

Heimen er der eg føler meg trygg, med moglegheit til å vere den eg er. Heimen min er der eg finn familien min, venane mine og der eg har moglegheit til å lære.

For meg er ikkje «heim» ein fysisk stad, men heller ei slags abstrakt kjensle eg får når eg føler meg trygg. Derfor har det ikkje noko å seie om staden eg er frå heiter Kurdistan eller Noreg.

Trass i at eg veit alt dette, føler eg meg alltid som elefanten i rommet når eg møter nye menneske. Eg stikk ut gjennom utsjånaden min, men passar inn igjen gjennom haldningane mine. Alle ser at eg ikkje er herifrå, men ingen ønsker å påpeike det.

– Til den dag i dag har eg litt trøbbel med å svare på spørsmålet, kvar gong eg blir spurt kvar eg kjem frå. For kva skal ein svara når ein tilhøyrer begge, men samtidig ingen? spør Aleš Bara Strnad (19).