Meir stønad til koronaramma elevar

Enkelte grupper av bortebuande elevar som går på vidaregåande skule, får no ei ekstra handsrekking i form av meir lån og stipend.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa har vedteke å utvide tilbodet om ekstra lån og stipend til elevar på vidaregåande skule som ikkje bur heime, og som har mista inntekter som følgje av koronakrisa, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande til NTB.

Det er personar som har kome til Noreg som asylsøkjarar og ungdom som har vore i barnevernet som får dette lånet, og som no vil få tilbod om utvida lån og stipend.

Ekstra lån og stipend

Blant elevane som tek vidaregåande etter del 2 (ungdomsrett), er det omkring 4.300 personar som også vel å ta opp eit lån på inntil rundt 3.000 kroner i månaden.

Kravet for å ta dette lånet er at ein er over 18 år og bortebuar.

– No får desse tilbod om eit lån på 13.000 kroner, men med same stipenddel som studentar elles. Det vil seie at 8.000 kroner kan gjerast om, seier Grande.

Ho viser til at enkelte i denne gruppa har hamna i ein vanskeleg økonomisk situasjon etter å ha mista inntekter fordi staden dei jobba, måtte stengje eller nedbemanne.

Frå venstre: Hamza Hussain (18) og Hanouk Tewelde (17) er uroa for om dei får læreplassar til hausten. Suleiman Mohammad (17) har på si side bestemt seg for påbygg, slik at han kan studere vidare.