Mållaget ber Melby få igjennom språkdelt ungdomsskule

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med Guri Melby som ny kunnskapsminister frå Venstre, ventar Noregs Mållag offensive tiltak for nynorsken.

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag

– Ho får to viktige dokument på sitt bord. Det er innføringa av ny læreplan og høyring om ny opplæringslov, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Ny språkmelding

Kulturdepartementet skal etter planen legge fram ei språkmelding og framlegg til ny språklov for Stortinget i vår.

– Venstres kulturpolitikk dei seinare åra har vist vilje til tiltak for å hegne om nynorsken som det minst brukte språket. No vonar vi på slike grep også i skulepolitikken, seier Aasbrenn.

Han meiner at det første Melby må få igjennom i budsjettdrøftingane for 2021-budsjettet, er oppstart av språkdelt ungdomsskule.

Vil stogga taktisk språkbyte

I 2016 bad eit samla Storting regjeringa greie ut ei endring i opplæringslova som vil sikre nynorskelevane rett til opplæring på eige språk ut ungdomsskulen gjennom å få gå i eiga klasse. Tiltaket vart ikkje ein del av 2020-budsjettet.

Mållaget meiner at med Melby som statsråd, er tida inne for å få gjennomført språkdelt ungdomsskule, og peikar på at ho både er nordisk filolog og skrivelærar.

Dei ber òg om at departementet sikrar at tekstbehandlingsprogram og retteprogram ligg føre på både bokmål og nynorsk i skulen.

Aasbrenn meiner også at Melby må hindre at nynorskelevar tar det han meiner er eit taktisk byte frå nynorsk til bokmål som hovudmål, med å innføre eit ekstrapoeng til dei som har nynorsk som hovudmål.