31-åring innstilt som ny leiar i Noregs Mållag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi må leggje til rette for at alle møter meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar. Bokmål er fint i dikt, men nynorsk passar til alt overalt, seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

31-åringen frå Gloppen i Nordfjord har det siste halvanna året sitte som nestleiar i Noregs Mållag. Han er utdanna lærar, men jobbar som politisk rådgjevar for finansbyråd Erlend Horn (V) i byrådet i Bergen.

Før landsmøtet 24.-26. april er Lofnes Hauge innstilt som ny leiar. Ifølgje Kirsti Lunde, som er leiar i valnemnda, er det mange i organisasjonen som har peika på nestleiaren som sitjande leiar Magne Aasbrenn sin etterfølgjar.

– Han kjenner organisasjonen godt, har det politiske handverket i fingrane og har klåre ambisjonar for Noregs Mållag i åra framover. Me er overtydde om at han er ein god leiarkandidat, seier Lunde i pressemeldinga.

Tilbake til Vestland

Om landsmøtet følgjer innstillinga frå valnemnda kjem leiarvervet attende til Vestlandet. Her har Lofnes Hauge profilert seg med språkkritikk av det nye storfylket Vestland.

– Språkleg fell ein jo på rumpa rett ut av startgropa, sa Lofnes Hauge då han høyrte at Vestland fylkeskommune leverte ut eit undervisningsmateriell utelukkande på bokmål, trass i at nynorsk er administrasjonsspråket.

Lofnes Hauge er Venstre-mann og stilte saman med KrF-politikar Tore Storehaug tydelege nynorskkrav til regjeringsforhandlingane då KrF kom til bordet.

– Uavhengig av kven som sit i regjering, skal mållaget passe på at dei ikkje køddar med nynorsken. Ei regjering utan omsorg for heile det norske språket kan ikkje vere ei regjering for heile Noreg, avsluttar han i pressemeldinga.

Peder L. Hauge i Noregs Mållag og Svein S. Eggerud i Norsk Målungdom reagerer på Vestland-materiale sendt ut av Vestland fylkeskommune.