Utdanningsforbundet optimistisk om skuleretur for eldre elevar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Steffen Handal er leiar i Utdanningsforbundet. Foto: Rikke Bjurstrøm / Utdanningsforbundet [CC BY-SA 3.0], via Wikimedia Commons

– Dersom erfaringane etter den gradvise gjenopninga av barnehage og skule tilseier at dette lèt seg gjere utan at vi får auka smitte, er det veldig sannsynleg, seier leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal i ein e-post til NTB.

– Derfor blir det no avgjerande at utviklinga blir følgd tett, og at dei erfaringane ein får, blir tekne omsyn til, seier han.

Det var knytt stor spenning til smitterettleiaren for skulane, som vart lagt fram måndag. Skulane skal opne dørene for 1.–4.-klassingane om éi veke.

Ope spørsmål

Når resten av elevane kan kome tilbake, er likevel eit ope spørsmål. Samtidig rykkjer sommarferien stadig nærare. Truleg vil det òg ta fleire veker før det blir klart om koronaepidemien veks som følgje av gjenopninga av barnehagane og småskulen.

Regjeringa vil førebels ikkje ut med detaljar om korleis prosessen vidare vil sjå ut, eller når dei ulike avgjerdene skal fattast.

Anja Johansen (V) er statssekretær hjå Kunnskapsdepartementet. Foto: Regjeringen.no

Men signalet er tydeleg:

– Det er eit mål at alle skal kome tilbake til skulen før sommarferien. Det skal lagast ein plan for når dei ulike trinna kan starte med undervising basert på råd frå helsestyresmaktene. Vedtak om opning av fleire trinn skal kommuniserast ut i god tid slik at skulane kan førebu seg, seier statssekretær Anja Johansen i Kunnskapsdepartementet til NTB.

– Må endre reglane

Fungerande rektor Berit Arnesen ved Marienlyst skule, som er Oslos største ungdomsskule, seier ho førebels ikkje har fått nokon signal om når dei eldre elevane kan kome tilbake. Men på Marienlyst er det uansett ikkje mogleg å helse alle elevane velkomen tilbake med dagens smittevernreglar, ifølgje rektoren.

– Vi har ikkje moglegheit til å ha full opning med dei avstandsreglane på to meter som gjeld. Det går ikkje. Då må dei endre reglane, påpeikar Arnesen overfor NTB.

Skulane vil òg stå overfor ei rekkje andre utfordringar når det gjeld å både ta vare på smittevernet og dei pedagogiske aspekta ved undervisinga, påpeikar Handal.

– Dette vil krevje ein ekstra ressursinnsats, som kommunane må kompenserast for. Det kan til dømes handle om ekstra reinhald, større utgifter til skuleskyss og forsterka pedagogisk bemanning for å dekkje opp både heimeundervisning og skulebaserte tilbod samtidig, seier Handal.

(Red.anm: Kunnskapsminister Guri Melby (V) har no stadfesta at tometersregelen ikkje gjeld i klasserommet.)