Landstreffet i Stavanger 2026 utselt på rekordtid trass eksamen dagen etter

Billettane til russe-landstreffet i Kongeparken ved Stavanger neste år er rivne bort, sjølv om arrangementet blir halde helga før første skriftlege eksamen.

NPK-NTB
Publisert

– Det verkar som russen meiner det går fint, seier Aasmund Lund, presseansvarleg for Landstreffet Stavanger, til Stavanger Aftenblad.

Lund kan fortelje om rekordsal og opplyser at fleire billettar vil bli lagde ut i august. Dette skjer sjølv om den lokale russen har bestemt seg for å starte russetida 15. mai, på grunn av eksamensstart 4. mai.

Sjølve treffet blir altså arrangert 1. til 3. mai neste år.

– Vi synest det er bra at russetida blir gjord kortare, og at kvardagen blir meir normal før eksamen. Ein musikkfestival i ei helg verkar det som at russen synest er heilt greitt, seier Lund.

Landstreffet blir halde fredag og laurdag, ikkje søndag. Lund påpeikar at det ikkje er aktuelt å flytte arrangementet seinare i mai på grunn av vanleg drift i Kongeparken.

– Alternativet vårt då hadde vore å leggje ned heile Landstreffet, seier han.