Den nye leiaren i Ungdom mot EU: – Befolkninga kan altfor lite om EU

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil sørgje for at Ungdom mot EU kjem endå meir på dagsordenen, og er den organisasjonen folk kjem og spør om dei lurer på noko med EU og EØS, fortel Frankie Rød på e-post til Framtida.no.

20-åringen frå Sarpsborg vart nyleg vald til leiar av Ungdom mot EU, etter to periodar i sentralstyret.

Kvardagen som leiar startar førebels på heimekontor, og Rød trur nok det vert litt vanskelegare å finne ut kva vervet inneber no, enn om hen delte kontor med andre. Men hen startar ikkje på bar bakke: Rød har politisk erfaring frå Sosialistisk Ungdom og ei rekkje verv frå andre organisasjonar bak seg.

– Eg kjem til å jobbe ekstra hardt for å sørgje for at alle medlemmar føler seg sette og inkluderte, lovar 20-åringen.

– Befolkninga kan altfor lite om EU

– Kvifor er det bruk for Ungdom mot EU i Noreg?

– Det er kjempeviktig å ha ei nei-rørsle som botnar i gode verdiar. Ungdom mot EU er ein antirasistisk organisasjon som byggjer argumenta sine på folkestyre, solidaritet og miljø, svarar Rød og legg til:

– Dessutan kan den generelle befolkninga altfor lite om EU, og vi vil opplyse om kva EU er, så folk får gjort seg opp ei meining.

Organisasjonen hadde nyleg sitt første heildigitale møte, men kva dei politiske hovudprioriteringane til Ungdom mot EU vert det komande året er endå ikkje klart.

– På grunn av Covid-19 vart ein god del oversendt landsstyret, så vi vedtok eigentleg ikkje så mykje gøy dessverre, forklarar Rød.

Sjølv om lite er bestemt enno, har den nyvalde leiaren nokre tankar om kva organisasjonen kjem til å fokusere på:

– Eg trur nok eg trygt kan seie at vi kjem til å jobbe mykje med klima- og miljøpolitikk.

Brenn for flyktningpolitikk

– Kva er dine personlege hjartesaker?

– Utan tvil flyktningpolitikk, og at alle flyktningar skal handsamast med verdigheit og respekt, og få den hjelpa dei treng.

Det var også den saka som gjorde at 20-åringen først engasjerte seg:

– Det er nok hovudmotivasjonen. I tillegg er Ungdom mot EU ein kjempebra organisasjon med flotte folk, så det har òg styrka ønsket om å ville engasjere meg, seier Rød.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn der alle menneske er likestilte, og der alle har mogelegheit til å vere seg sjølv. Og ikkje minst eit samfunn der folk føler seg inkluderte. Ein draum er vel eit mindre byråkratisk samfunn, som samstundes klarar å hjelpe dei som treng det, men det er vel kanskje litt vanskeleg.

Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus (t.v), AUF-nestleiar Astrid Eide Hoem og Senterungdommen-leiar Torleik Velle oppmodar regjeringa til å evakuere barnefamiliar frå Moria. Alle foto i kollasj frå Instagram

Frankie Rød

Alder: 20 år
Kvar kjem du frå: Sarpsborg i Østfold
Yrke: Student
Favorittfag på skulen: Kunst og handverk
Ulike verv du har/hatt: Ymse verv i Fredrikstad SU, Østfold SU, SolKurd Fredrikstad og Skeiv Ungdom. Landsstyremedlem i Ungdom mot EU og SU, leiar og nestleiar i Østfold Ungdom mot EU.
Kva organisasjonar/parti er/har du vore medlem i: Ungdom mot EU, SU, NU, SolKurd, Skeiv Ungdom, Handel og Kontor, Støttekomiteen for Vest-Sahara og div. andre
Kva gjer du i fritida/hobby: Teiknar, les og skriv slam-poesi