Studentar blir omfatta av ny kompensasjonsordning for permitterte


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det har før no vore stor diskusjon rundt krisepakkane for studentar, mellom anna fordi ikkje alle studentane vart sikra økonomisk hjelp.
I den nye ordninga blir lønnsplikta til arbeidsgivar redusert til to dagar, og kompensasjon til permitterte blir sikra i 18 dagar etter at arbeidsgivar har betalt for dei to første dagane.
Fem dagar i veka
Ordninga skal gjelda alle som blir ramma av kuttet i arbeidsgivarperioden.
– Det betyr at også permitterte som ikkje har rett til dagpengar, slik som studentar, vil få lønnskompensasjon i 18 dagar, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.
Ytinga blir ikkje gitt for arbeidsdagar, men for fem dagar i veka.
Pengane vil bli utbetalte dei første 18 vekedagane etter at arbeidsgivarperioden er avvikla.
– Godt bidrag for at ingen treng avslutte utdanninga

Henrik Asheim, Høgre, Akershus. Foto: Stortinget
Forsknings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim er glad for at ordninga tetter endå eit hòl for studentar som har havna i ein økonomisk vanskeleg situasjon.
– Denne nye lønnskompensasjonen saman med det frivillige tilleggslånet med stipend i Lånekassen, vil vere eit godt bidrag for å få betalt faste utgifter i tida framover og at ingen treng å avslutte utdanninga si, seier han i pressemeldinga.