Operasjon Dagsverk: Heidy (18) og Gerson (21) kjempar mot klimakrisa
Operasjon Dagsverk skal i år hjelpa ungdommar i Guatemala å takla klimaendringane.
Det er sannsynlegvis ganske mange ledd frå maten din blir produsert til han ligg på tallerkenen din. Truleg så et du maten utan å nokosinne få jord på hendene eller gå inn i fjøset.
Men for alle er det ikkje heilt sånn.
Store delar av verda si befolkning lever av mat som dei sjølv produserer på små gardar.
Klimaendringane gjer at mange av desse sjølvbergingsbøndene får tøffare forhold. Årets Operasjon Dagsverk-prosjekt handlar om nett dette.
Likar å vera nær naturen
Heidy (18) og Gerson (21) har reist frå Guatemala til Oslo i samband med årets OD-prosjekt. Dei er båe bønder og representerer kvar sin landbruksorganisasjon.
Framtida møter dei på Operasjon Dagsverk sitt kontor.
– Livet på garden er ganske fint. Eg vaknar opp kvar morgon og kan høyra fuglane kvitra, så går eg til åkeren og jobbar. Når eg kjem heim, så gjer eg opp eld ute og lagar mat til familien min, fortel Gerson.
Også Heidy synest det er fint å dyrka sin eigen mat. Ho set pris på å få ferske grønsaker og ha eigne dyr.
Båe to likar å vera tett på naturen, men fortel at klimakrisa blir ei stadig større utfordring.
Må tilpassa seg klimaendringane
Operasjon Dagsverk trur at det går an å gjera noko med problema som klimakrisa skapar i Guatemala. Saman med Utviklingsfondet og deira samarbeidspartnarar freistar årets OD-prosjekt å rusta ungdom i Guatemala til å tilpassa seg klimaendringane.
Heidy og Gerson fortel at det å gje befolkninga kunnskap om klimatilpassa landbruk er viktig.
– Me har oppmoda folk til å bruka visse typar frø, seier Gerson og fortel at han har vore med å utveksla frø mellom ulike bygder.
Klimaendringane inneber at ein må gjera ting på nye måtar. Heidy fortel at ein må eksperimentera og at ein til dømes har byrja med drivhus for å halda plantane unna dei verste regnbyene.
Landskapet er også i endring, og Gerson seier at kva og kor ein kan dyrka forandrar seg. Til dømes er det no mogleg å dyrka jalapeño i bygda hans.
Håpar fleire vil driva med landbruk
Gerson fortel at det for mange unge kan vera vanskeleg å leva av landbruket. Einskilde år kan vera gode, men viss det går dårleg så er det lite støtte å få.
Difor er det mange ungdommar som gjev opp og ser etter andre måtar å livnæra seg på. Til dømes freistar dei å emigrera til USA. Dette synest Gerson er dumt.
Jobb-moglegheitene i Guatemala er få, og Heidy og Gerson håpar fleire unge vil jobba som bonde.
Dei ser at hjelpa som kjem frå Utviklingsfondet bidrar til dette. Til dømes seier Heidy at det no er mogleg å få gratis frø og mikrolån.