Natur og Ungdom-leiaren søker toppjobb i oljebransjen: – Eg vil redde oljenæringa i Noreg

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 04.09.2019 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk olje og gass, ein interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for oljeverksemd, er på leit etter ny samfunnskontakt for Nord-Noreg. I bunken ligg ein søknad frå ein dei nok ikkje hadde venta: Gaute Eiterjord, noverande leiar i miljøorganisasjonen Natur og Ungdom. Kvifor har han søkt, skal tru?

– Eg vil redde oljenæringa i Noreg, og omstilling til fornybart er den einaste måten vi kan gjere det på, forklarar Gaute Eiterjord på telefon til Framtida.no.

Skrivemaskin eller PC

I søknaden sin, som Framtida.no har fått tilgang til, er Eiterjord ikkje redd for å kritisere det som kan verte hans komande arbeidsgjevar.

23-åringen skriv at han vil bidra til at Norsk olje og gass «snakkar meir sant og spreier mindre myter om olje og klima».

– Dei spreier mange mytar om at norsk olje og gass vil vere ein del av løysinga på klimakrisa, og er det einaste som kan skape arbeidsplassar i Nord-Noreg. Det er ikkje sant, potensialet for fornybar energi er større, seier Eiterjord.

Natur og Ungdom-leiaren seier han trur verda vil gå vekk frå olje og gass anten ein vil eller ikkje, og om ikkje Norsk olje og gass gjer det same vil dei ikkje henge med i utviklinga:

– Det er som om dei vil satse på å bruke skrivemaskiner medan resten av verda brukar PCar.

Gaute Eiterjord vil hjelpe Norsk olje og gass nå ungdomen, og ikkje gjere «bommertar» som å skryte av skulestreikane samstundes som ein held på som før. Foto frå då Eiterjord overrekker klimakrava til klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) 22. mars. Foto: Thomas Mordal/Natur og Ungdom

Endring frå innsida

For endå han no ynskjer å skifte beite, så har Eiterjord ikkje skifta meining: Han vil framleis fase ut olja. Han synest likevel ikkje dette står i motsetnad til å søkje stilling i nettopp oljebransjen.

– Eg ynskjer Norsk olje og gass det beste. Det er viktig at dei byrjar å omstille seg, og at dei kan vere med å bruke kompetansen frå oljebransjen til nye fornybare arbeidsplassar. Det ser det ikkje ut som dei vil i dag – dei vil forlenge oljealderen, seier Eiterjord.

23-åringen vil stå for ei endring innanfrå. Framtidsvisjonen hans går ut på at oljenæringa skal skrote nye oljefelt, og heller byggje opp nye grøne næringar som offshore vindkraft, grøn skipskraft og elektrifisering av kysten.

Eiterjord vil gje organisasjonen ein wake up call han meiner dei treng:

– Om vi satsar alt på å pumpe olje og gass har vi satsa på feil kort. Det vil vere farleg for den norske økonomien, og vi kjem til å øydelegge klimaet.

Ei framtid i oljenæringa?

– Vil du verte teken like seriøst som andre kandidatar utan din bakgrunn, trur du?

– Om Norsk olje og gass skal ta klimakrisa seriøst, så bør dei ta meg seriøst. Eg kan ha meir innsikt i oljenæringa enn andre som søkjer jobben, om eg kan vere så freidig om meg sjølv, forklarar Eiterjord.

Det er ikkje første gong 23-åringen søker ei overraskande stilling. I fjor søkte han om å verte prosjektleiar for gruveprosjektet til Nordic Mining, for å skape «ei av verdas mest miljøvennlege gruver».

Den gong fekk Natur og Ungdom-leiaren ikkje anna svar enn ei stadfesting på motteken søknad. Den fekk han i ein e-post med teksten «Tenk på miljøet før du skriv ut» på botnen.

No håpar Gaute Eiterjord på meir positivt svar:

– Norsk olje og gass snakkar alltid om at ungdom har ei framtid i oljenæringa, så eg håpar dei har plass til nokon som kan tenke nytt.

Even Rydningen med Klimabrølet under skulestreik for klima fredag 24. mai. Foto: Andrea Rygg Nøttveit